Advertisement
Vanylven FK, Hasundgot IL og Hødd damelag skal i år arrangere Søre Cup i Ulsteinhallen fredag 30.1, laurdag 31. 1 og søndag 1.2. På fredag og laurdag spelar dame- og herrelaga sine kampar. På søndag vil vi ha i sving ei gute- og jenteklasse. Her siktar vi oss inn på dei som spelte på smågute- og småjentelag i 2026. Dette betyr aldersklassa for dei som vert 15 år i løpet av 2026. Dei som få spelarar, kan de ta med ein spelar som er eitt år eldre, men då må de gi beskjed til cupstyret på førehand.Vi brukar dei vanlege reglane for innandørs fotball, men vi spelar med 7-ar mål. Kvart lag stiller med 4 utespelarar pluss målvakt.
Påmelding: MyLivescore - Din turnering med resultater og livescore
Påmelding av lag skal gjerast direkte gjennom “mylivescore” under SØRE CUP 2026. Lagledar er ansvarleg for å legge inn namn og nummer på alle spelarane. Dette skal være i orden minimum 30 minutt før første kamp til laget. Laga kan føre opp maks 11 spelarar på dommarkortet.
Spelarar som ikkje har blitt lagt inn før fristen kan dermed ikkje delta på turneringa. Brot på reglementet kan føre til diskvalifisering.
Når det gjeld avviklinga av turneringa, startar vi med eit gruppespel der alle laga får minimum tre kampar. Dei to beste laga i kvar gruppe går vidare til eit sluttspel. I sluttspelet spelar vi etter cup prinsippet.
Når det gjeld premieringa, vil vi køyre etter same prinsippa som tidlegare, og dei tre beste laga i kvar klasse vert premierte.
Påmeldingsavgifta er kr. 1200 pr. lag i seniorklassa. Klubbar som stiller med tre seniorlag eller meir, vil få redusert prisen til kr. 1000 pr.lag. I ungdomsklassa er påmeldingsavgifta kr. 700 pr. lag.
Konto for innbetaling av påmeldingsavgift er: 3910.46.76697. Her kan ein og betale ved frammøte.
Det vil vere fint om de som er inviterte gir oss ei kjapp tilbakemelding. Siste frist for påmelding er 9. januar.
Viss de ønskjer meir info, kan de ta kontakt med: Ole Per Kragset telefon: 41338959, Odd- Arne Seljeset: 97671309, Mats Bigset: 97515632
[email protected], [email protected],
[email protected]
Spørsmål til påmelding/mylivescore:
[email protected] eller mobil 975 93 081
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ulsteinhallen, Høddvoll,Ulsteinvik, Norway, Aalesund
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










