Advertisement
Vi inviterer til årets første konsert på Vardegard.Dører: 19:00 // Konsertstart 20:00
Biletter: Ordinær 250 kr // Under 18 (må ha verge) 200 kr
Det blir salg av øl og vin, og baren er åpen til kl 23:30.
Vi har lyst å være sammen med dere også etter konserten, så blir gjerne til bål og godt selskap.
Synneva Gjelland syng dikt av Halldis Moren Vesaas.
Synneva Gjelland med band er ein konstellasjon med dyktige og frie musikarar som legg meining bak kvar tone, og saman har dei ein energi og formidlingsevne som kan treffe publikum midt i magen. Med folkemusikken i botnen er låtane litt som å kome heim til noko kjend, utan at ein veit heilt kva som kjem rundt neste sving. Dei vil ut med musikken og tekstane, med speleglede og eit ynskje om å fortelje fleire om Halldis Moren Vesaas og hennar sterke dikting.
Gjelland sjølv kjem frå visesjangeren, men med ein god dose folkemusikk i både morsmjølk, nisteboksen og heimabrygget er det i folketonane ho kjenner seg heime. Ein oppvekst på eit gardsbruk på Voss med skrøner og folkeviser i gode lag og felespel ved store og små merkedagar har sett sitt preg på musikken ho lagar.
Etter skulering i viser og folkemusikk på Rauland og i Sverige, har ho vendt tilbake til gardslivet med fela på ryggen og songane på lur. Med seg har ho Svein Laingen Kjerland, ein “young and promising” folkemusikar frå Granvin i Hardanger, Johanna Seim som kom frå Berlin til Rauland for å spele norsk folkemusikk, og Pål Jørgen Volan som omsider bytta ut bossa nova med rudl og springar.
SYNNEVA GJELLAND - Sang, piano, gitar & komposisjon
SVEIN LAINGEN KJERLAND - Fele
JOHANNA SEIM - Hardingfeler
PÅL JØRGEN VOLAN - Kontrabass
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vardegard, Skjelangervegen 600, 5917 Rossland, Norge,Rossland, Norway, Bergen
Tickets