Advertisement
Velkommen til Supertysdag!Vil du ha middag, eller berre kome og høyre på Thor? For middag, les under, om du kun vil høyre på Thor: kom kl 16.45 =) Velkomen skal du vere uansett - og uansett alder!
Me gler oss til ein ny vår med kjekke treff i Vonheim, og ynskjer nye og gamle, store og små velkomne til hamburgermiddag felles leik, fri leik og kjekt opplegg for borna, og tid for kaffi og prat for dei vaksne.
For å planlegge ynskjer me påmelding til middag. Den legg me ut et par dager før treffet, i denne facebookgruppa: https://www.facebook.com/groups/489618838837842
Litt om Supertysdag:
Me treng tid saman! På Supertysdag vil me tilby familiar i alle fasongar eit godt måltid etter jobb, ha aktivitetar for born i alle aldre og styrke foreldre/føresette i foreldrerolla gjennom ein kort og inspirerande "input". Her kan du treffe andre familiar, og alle er hjarteleg velkomne!
Opplegget på Supertysdag er retta mot barnefamiliar, men andre er òg velkomne - veldig kjekt om det kjem ungdom òg! Kjenner du nokon me kan spørje om å ta eit tak på kjøkkenet tek me gjerne i mot tips!
Info om resten av samlingane får du i denne gruppa: https://www.facebook.com/groups/489618838837842
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vonheim, Hestabakkvegen 1, 5700 Voss, Norge, Voss, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





