Advertisement
"Prosjektkoret som skulle vare eit år - eller to, har blitt ei fantastisk reise på over 23 år!''Det blir difor "start and end" helga 10.-11. januar 2026, først på Parken kulturhus, Ålesund, så Operahuset Nordfjord søndag.
Som vanleg med ein feiande New Orleansinspirert nyttårskonsert i tospann med Ytre Suløens jass-ensemble, men denne gongen også den endelege finalehelga for Sunnivakoret.
Alt har si tid, og vi legg no inn årane for vårt kjære region- og prosjektkor, stifta tidleg hausten 2003 som eit viktig ledd i den første Sunnivafestivalen i Selje. Og fortsatt med maestro Per Oddvar "Prots" Hildre ved roret.
Som så ofte før, sidan koret sine fleste medlemmar er rekruttert frå Ytre Nordfjord og Sunnmøre, naturleg med ein konsert i kvar region; Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, som har vore nedslagsfeltet for nyttårskonsertane.
Operahuset Nordfjord, den kulturelle storstova i Stad kommune og Nordfjord, vert difor ein naturleg avslutningsarena på denne 20 år lange nyttårskonsert-tradisjonen. Dermed også ei avslutning med jubileum!
Ytre Suløens Jassensemble treng ingen vidare presentasjon, dei er velkjente og anerkjente også i vårt distrikt. Og med fyrverkeriet av ein solist i "innfødde" Tricia Boutte er det naturleg at det blir New Orleansrytmer på programmet..
Dei øvrige er David Gald på tuba, Sturla Hauge trompet, Lars Frank klarinett/saksofon, Kristoffer Tokle slagverk, Gunnar Beck trombone og Svein Tore Anderson, son av tidlegare trommis Ottar Anderson, på banjo.
Sunnivakoret takkar alle som har opplevd og støtta oss gjennom desse åra, publikum som sponsorar. Det har vore ei utviklande og flott korkulturell reise!
Velkomen til ein frisk musikalsk start på nyåret!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





