Advertisement
STRIKKEKRAFT - LANSERINGSFEST AV BOKA Vi ønsker å invitere deg med på presentasjon og feiring av at boka Strikkekraft - inspirert av tradisjonar endeleg er ferdig.
Ti designarar med røter i ulike kulturar og strikketradisjonar har latt seg inspirere av maskinstrikka, norsk design frå Norlender Knitwear. Resultatet er 21 nye design for handstrikk - frå det nyskapande og uventa til det meir klassiske. Boka presenterer òg historia til Norlender og trikotasjeindustrien I Noreg, og du finn svar på nokre spørsmål om berekraft og strikking.
-----
Første del av programmet er på Norlender Knitwear (fram til 18.30), før vi held fram på Den Grøne Fabrikken.
17.30 Open fabrikk og omvisning på Norlender Knitwear (fabrikkutsalet er ope heile dagen fram til 18.30)
18.30 Mingling på Den Grøne Fabrikken
19.00 Presentasjon av boka og designa
Open bar m/alle rettigheiter
Vi håpar du har lyst å vere med oss og feire lanseringa av boka - som du vil kunne kjøpe for "festpris" til kr. 400,-.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Norlender Knitwear, Den Grøne Fabrikken og forfattar Anne Bjørke
Arrangementet er gratis og ope for alle
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hosanger, Osterøyvegen 2130, 5282 Lonevåg, Norge,Fotlandsvåg, Hordaland, Norway, Bergen