Advertisement
Strandviknissen 2024.Hei hei alle sammen.
30.11.2024 klokka 15:30 opner Strandviknissen dørene på Kletten.
I år og opner Strandviknissen dørene, litt tidleg, 1 dag før første søndag i advent.
I år blir det åpning av hytta denne dagen av den enkle grunn at Sportsklubenn Brann spelar kamp mot Viking 1 søndag i advent, og nokre av mine medhjelpara har eit brennande ønske om at denne kampen ikkje skal bli forkludras av ein tur på Kletten.
Eg meiner åpninga av hytta mi og at Brann spelar kamp er to likestilte arrangement.
Strandviknissen er ein fleksibel trivelig kar og han ønskjer at alle skal få med seg begge arrangementene.
I år har Brann muligheit å ta «Gullet Hem» og det syns eg fortjener at me støtter opp om denne «kanskje» hendinga som kanskje skjer 1 gong kvart 100ende år. Heia Brann.
Fortvil ikke. Om du ikke er like opptatt av Brann som enkelte andre, og du kanskje har eit anna lag i ditt hjarte, så er du selvfølgelig hjartans velkommen til meg, eg gjer ikke forskjell på om du heier på Djerv 19-19 eller andre lag eller idretter. Hurra for det.
På dette fjellet kan alle komme og kosa seg om dei turner, spelar i korps eller har fotball som sin lidenskap.
Eg gleder meg til å sjå deko alle som ein.
Me gjer som me har gjort i åra før.
Når eg har opna hytta for sesongen og ungane har fått seg ei overrasking, går me samla ned gjennom skogen til balansetauene og der kan ein kjøpa fakler, få seg litt kaffi og ein prat med både nissen og naboen.
Eg ønskjer ikke å bidra så mykje til inflasjonen, eller at renta skal holder seg høg så mykje lengre, derfor holder vi prisen på 30 kroner pr fakkel.
Faklane kan de kjøpa hos mine gode hjelpara, kontant eller vipps.
Så går me saman i fakkeltog ned til naustrekkjo. Her tenner me bål av alle faklane, pratar litt og tar ein juletrall.
Det blir trekt små premiar frå dei nummererte faklane, så de må ta vare på desse numra til me kjem til naustrekkjo.
Husk at været på vestlandet kan være lunefullt, så kle deg etter forholda.
Hvis ikke været er på vår sida denne dagen, eller dagane før, er vegen opp til Kletten litt blaut og gjørmete, gode sko hjelper.
Ta med ynskjelista til meg, da blir eg så gla for.
Eg er veldig gla for alle som brukar hytta mi heile året. Det beste nissehytta veit, er folk.
Det hender eg har litt logistikk utfordringer så eg set pris på om de kan trykkja om de kjem eller er interessert. Eg ynskjer helst ikkje å gå tom for overraskingar til ungane.
Når me er ute i naturen og ellers over alt, tar me med oss alt av boss, sjølv om det ikke alltid er vårt.
Me sjåast på Kletten!
Helsing Strandviknissen
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kletten, Strandvikvegen 533, 5643 Bjørnafjorden, Norge,Eikelandsosen, Hordaland, Norway, Bergen