Advertisement
Steinar Raknes og Lars Saabye Christensen kjem til Ål kulturhus med ein nedstrippa og nær duokonsert, der tekst og musikk står i sentrum. Denne hausten gjev dei ut albumet TID, der Raknes har tonesett nye dikt skrive av Saabye Christensen. Temaet krinsar rundt begrepet tid – korleis me lever i den, brukar den og opplever at den går. Resultatet er eit lågmælt og sterkt samspel mellom ord og musikk.
På scena les Lars Saabye Christensen eigne tekstar, medan Steinar Raknes – ein av dei mest anerkjende bassistane i landet – spelar kontrabass og syng. Konserten byr på ei enkel og ærleg formidling, der publikum får oppleve samspelet mellom to sterke kunstnarskap – utan unødvendige verkemiddel.
Me lovar ei særdeles vakker ettermiddagsstund!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Myren 40, 3570 Ål, Norway, Myren 40, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Tickets