Stein Torleif Bjella // Operahuset Nordfjord

Sat Mar 22 2025 at 07:00 pm to 08:25 pm UTC+01:00

Operahuset Nordfjord | Sunndal

Operahuset Nordfjord
Publisher/HostOperahuset Nordfjord
Stein Torleif Bjella \/\/ Operahuset Nordfjord
Advertisement
Nordfjordeid er einaste stoppestad mellom Bergen og Ålesund på denne turneen.
Stein Torleif Bjella gjer enorm suksess i Hver gang vi møtes på TV2, saman med Carola, Kjartan Lauritzen, Astrid S, Ina Wroldsen, Thomas Dybdal og Jonas Benyoub. Folk over heile landet får bli betre kjent med den finurlege Ål-artisten og hans eineståande musikalske univers.
Det er altså duka for ei konsertoppleving som treffer hjarterota så vel som dansefoten denne kvelden. At det kjem til å dukke opp nytolkingar av både andre sine og eigne hitlåtar, er sikkert som banken.

Bjella har ein heilt spesiell plass i den norske artistfloraen, med ei eiga evne til å treffe folk frå bygd og by med sine ærlege, jordnære og samtidig poetiske tekstar. Med udødelege låtar som «Romantikken gjer meg sjuk», «Psykisk kan du vera sjøl», «Heidersmann», «Tilbake i det blå» og uendeleg mange fleire med seg i hestehengaren, er det nok å glede seg til, noko alle som har opplevd ein konsert med Bjella kan skrive under på. Og då har vi ikkje eingong nemnt tradisjonen med å lodde ut ei fruktkorg på alle konsertane han har halde sidan oppstarten.

Med seg på vegen har han sine trufaste våpendragarar: Geir Sundstøl på gitar, Eirik Øien på bass, Kenneth Kapstad på trommer og David Wallumrød på tangentar.
Stein Torleif Bjella utmerka seg for alvor med solodebuten Heidersmenn i 2009. To år seinare kom Vonde visu, som sikret han Spellemannprisen, og i 2013 avslutta han albumtrilogien med Heim for å døy, som toppa VG-lista. Sidan den gong har Bjella gitt ut kritikarroste album som Gode Liv, Øvre-Ål Toneakademi, Nysetmåne. Han har samarbeida med Kringkastingsorkesteret på Bjellasangar arrangert for messing & tre, og eksperimentert med eit spoken word-improvisasjonsalbum saman med bandet sitt. I tillegg har han mottatt ei rekke utmerkingar, som Edvardprisen og Prøysenprisen.

Bjella sin musikk vert ofte skildra som ei blanding av sørgmodig glede og romantisk hjartesorg, der eitt auge ler mens det andre gret. Musikken har også inspirert til sukessrike teaterframsyningar som Kan nokon gripe inn, og oppsettinga Heil ved, basert på Lars Mytting sin roman, som framleis blir spelt på Det Norske Teatret.

I tillegg til musikken er Stein Torleif Bjella også ein anerkjent forfattar med diktsamlinga Jordsjukantologien Nr. 1 og romanen Fiskehuset. Fiskehuset blei nominert til P2-lytternes romanpris og vann Nynorsk Litteraturpris.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge,Nordfjordeid, Sunndal, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Concerts in SunndalSpoken-word in Sunndal

Sharing is Caring:

More Events in Sunndal

FAMILIElaurdag med "Flaskepost fra havet" kl. 14
Sat, 22 Mar, 2025 at 11:00 am FAMILIElaurdag med "Flaskepost fra havet" kl. 14

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway

Klassisk konsert
Sat, 22 Mar, 2025 at 05:00 pm Klassisk konsert

Sør-Vågsøy kirke

Fisk\u00e5 Ungdomshus\/\/ VASSENDGUTANE
Fri, 28 Mar, 2025 at 10:00 pm Fiskå Ungdomshus// VASSENDGUTANE

Fiskå Ungdomshus

Vassendgutane @ Fisk\u00e5 Ungdomshus in Fisk\u00e5
Fri, 28 Mar, 2025 at 10:00 pm Vassendgutane @ Fiskå Ungdomshus in Fiskå

Fiskå Ungdomshus

Laudate Dominum \/\/ Klassisk brasskonsert
Sun, 30 Mar, 2025 at 06:00 pm Laudate Dominum // Klassisk brasskonsert

Eid kyrkje

"Der ingen var einsam" - foredrag med Arill Riise
Mon, 31 Mar, 2025 at 07:00 pm "Der ingen var einsam" - foredrag med Arill Riise

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway

Ingvard Wilhelmsen: Sjef i eige liv
Wed, 02 Apr, 2025 at 07:00 pm Ingvard Wilhelmsen: Sjef i eige liv

Operahuset Nordfjord

Aalesund Gospelkor og Samuel Ljungblahd
Fri, 04 Apr, 2025 at 07:30 pm Aalesund Gospelkor og Samuel Ljungblahd

Eid kyrkje

Sunndal is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Sunndal Events