Advertisement
Han er ein av dei fremste visekunstnarane i landet. Stein Torleif Bjella tek med seg dei beste låtane og eit topptrimma band ut på vegen på nyåret, og heldigvis tek dei turen heimom til Ål.I førkant av turneen figurerer Bjella i TV2-suksessen Hver gang vi møtes, saman med store namn som Carola, Kjartan Lauritzen, Astrid og Ina Wroldsen, Thomas Dybdal og Jonas Benyoub. Det er berre å gle seg til eit gjenhøyr med finurlege Bjella og det einestående musikalske universet hans.
Dette er ei konsertoppleving som treffer hjerterota så vel som dansefoten. Og at det kjem til å dukke opp nytolkingar av både andre sine og eigne hitlåtar, er sikkert som banken.
Med seg på vegen har Stein Torleif Bjella dei trufaste våpendragarane sine: Geir Sundstøl på gitar, Eirik Øien på bass, Kenneth Kapstad på trommer og David Wallumrød på tangentar.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge,Ål, Hønefoss, Norway
Tickets