Advertisement
Få med deg St. Olaf Orchestra på deira turné gjennom Norge for å feire to historiske milepålar; 200 årsjubileet for den fyrste organiserte utvandringa frå Norge til Nord-Amerika, og 150 årsjubileet for gunnlegginga av St. Olaf College. Med dirigent Dr. Chung Park i spissen kjem symfoniorkesteret tilbake til Operahuset Nordfjord onsdag 4. juni. Programmet flettar saman norske kulturrøter med meisterverk frå dei orkestrale tradisjonane, og fremhevar orkesterets dreibarhet og djupsindige musikalitet. Opplev den musikalske magien som overskrid grenser og generasjonar på jubileumsturneen gjennom landet.St. Olaf Orchestra, dirigert av Chung Park, er eit fullt symfoniorkester med lange tradisjonar og ei rekke internasjonale framføringar bak seg. Orkesteret er spesielt kjende for sine entusiastiske og lidenskapelege opptredenar. St. Olaf Orchestra ble grunnlagt i 1906 ved St. Olaf College i Minnesota, og har med sine 90 medlemmer blitt hylla som eit av USAs beste universitetsorkester. I 2013 og 2018–19 ble dei tildelt «The American Prize» for beste orkesterframføring blant høgskular og universitet i USA.
St. Olaf Orchestra blir ofte samanlikna med profesjonelle orkester, og har blitt omtalt av TIME Magazine som eitt av dei beste universitetsorkestera i USA. Dei turnerte for fyrste gong i 1949, då dei reiste gjennom Minnesota og Iowa for å oppmuntre vidaregåande skular til å utvikle program for strykemusikk. I løpet av dei neste tiåra vaks orkesteret og blei stadig betre. Dei har turnert over store delar av USA, i mange land i Europa samt i Kina, Argentina og Uruguay. Dei har også opptredd med verdskjende dirigentar og utøvarar som Robert Shaw, Krzysztof Penderecki, Leon Fleisher og Sarah Chang. Orkesteret blir jamleg vist på TV som ein del av den årlege St. Olaf Christmas Festival, og er stadig å høyre på radiokanalen National Public Radio i USA, mellom anna med faste innslag i det populære programmet Performance Today.
▬▬▬
Dr. Chung Park er nasjonalt anerkjend i USA som dirigent, musikkpedagog og redaktør. Han dirigerer St. Olaf Philharmonia i tillegg til St. Olaf Orchestra, og er ettertrakta som gjestedirigent både i profesjonelle og pedagogiske samanhengar, med engasjement blant anna i Sarasota Orchestra, Orlando Philharmonic Orchestra og universitetsorkester over hele USA.
Park kom til St. Olaf College direkte frå University of Central Florida, der han var dirigent for UCF Symphony Orchestra og UCF Chamber Orchestra, leiar for strykarutdanninga og i tillegg underviste i bratsj. Park fekk sin doktorgrad i instrumentaldirigering ved University of Miami, og har mastergrader i orkesterdirigering (University of Illinois) og utøvande bratsj (Western Michigan University) samt ein bachelorgrad i utøvande bratsj frå Peabody Conservatory of Music.
Dr. Park er sterkt engasjert i musikkutdanningsmiljøet i USA, og har halde hundrevis av kurs på skular i heile landet, for alle nivå og ensembletypar. Han har sterk tru på verdien av ei utdanning innan humanistiske fag, breidda og djupna ei slik utdanning tilbyr, og dei mange moglegheitene som opnar seg i søken etter å forklare og forstå heile mennesket.
▬▬▬
Rullestol? Kontakt [email protected]
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på [email protected]
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge,Nordfjordeid, Sunndal, Norway
Tickets