Advertisement
Velkomen til eit smakfullt og levande foredrag med Kristin, kjend som Gammalostbudeia, om norsk mjølk, ost og budeietradisjonar.🧀🧀🧀🧀🧀🧀🧀🧀🧀🧀🧀
Kristin er tidlegare budeie og avløysar, og har jobba med mat og matkultur i ei årrekke. Ho er utdanna lokalmatingeniør frå fagskulen i Ulvik, jobbar med jazz på Voss og reiser landet rundt for å snakke om stølsliv, ysting og norsk ostekultur.
Dei siste åra har ho fordjupa seg i mjølkeforedling, og særleg gammalosten, som for Kristin er sjølveste kongen av norsk matkultur.
No kjem Kristin til Lystgården for å dele historia si, innsikta si og ikkje minst smaken. Her får du smake på utvalde ostar medan ho fortel, og det er ikkje umogleg at ho tek med seg det magiske pulveret – hennar nykverna gammalost, servert på nokre av dei beste kjøkena i landet, som Michelin-restauranten Gaptrast i Bergen.
Eit spisande foredrag om ost, stølsliv og kjærleik til norske råvarer.
Kjøp billett i lenken
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kanonhaugen 39, 5097 Bergen, Norway, Kanonhaugen 39, 5097 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets