Advertisement
Etter at Southbound sto på scena på Trandalrock sumaren 2025, vart det litt stille frå dei. Folk tok til å spørre seg sjølv, kompisane sine, bestemora si og katten sin: Kvar har det vorte av Southbound?Svaret er at Southbound aldri var langt borte - dei var på øving.
Eit godt tributeband gir seg ikkje, nøgde og mette, med å ha lært nokre få trallar av favorittbandet sitt. Dei vil ha meir! Lære meir, øve meir, studere meir, og sjølvsagt nerde enda meir.
I Southbound legg dei ingen skjul på at det er Thin Lizzy dei nerdar på. Ikkje for å kopiere, men for å dykke djupt og hardt ned i kjernen av desse skattane som Phil Lynott og resten av Thin Lizzy gav verda for ein halv mannsalder sidan. For å finne sin eigen veg og si eiga formidling av dei.
Og så kjem dei opp etter luft etter ei stund. Som no. Southbound kjem heim til Stødt laurdag 21. februar, og dei har med seg ein godtepose full av irsk hardrock frå det glade 70-talet. Det blir gitar.
Det blir sveitte. Det blir hjarteskjærande og beintøft samstundes. Det blir ekte. Og det blir bra!
The boys are back in town!
Southbound består av:
Trond Are Ryste – slagverk
Henning Hamre – gitar
Vidar J. Vartdal – gitar
Erik Moe – bass
Kjell Varpen - vokal
Bandet startar å spele kring kl. 22
ID: 20+
Billettar på TIKKIO og i døra
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ivar Aasen-gata 18 , 6150 Ørsta, Norway, Ivar Aasen-gata 18, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





