Advertisement
Det er nesten eit og eit halvt år sidan SKRUK var i Herøy kyrkje sist sist. Då var det for å markere 50-års jubileum, og sjølvaste Altiplano frå Ecuador var med. Dei siste to åra har koret spelt inn to plater i tillegg til konsertar i inn- og utland. Den første var "Mitt alter er fjellet", samisk musikk komponert og arrangert av Frode Fjellheim. Påska i 2024 reiste SKRUK til Madagaskar for å halde fram samarbeidet med det gassiske militærkoret LOVA og legge til rette for det siste albumet som framleis er under produksjon og vil bli lansert seinare i 2025.Denne konserten vil som vanleg bli eit tverrsnitt av det SKRUK har arbeidd med gjennom snart 52 år. I tillegg til å utnytte dei musikalske ressursane som fins i koret som t.d. piano/trompet/fløyte, er vi også så heldige at vi har fått med voldingen Svein Hunnes på bass på nokre av songane.
Foto: David Dawson
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Herøy Kyrkje, Lisjebøvegen 1,Fosnavåg, Norway, Aalesund
Tickets