Advertisement
Velkomne til Skredkveld i Stryn!Vinteren er rett rundt hjørnet og vi krysser fingrene for at det blir ein god ein! Midt opp i alle ekstase og entusiasme, er det viktig å hugse på at vinterfjellet er lunefullt, og at det krever kunnskap og erfaring for at du både skal få nyte fin skikjøring, og kan komme trygt heim att.
Indre Nordfjord Turlag inviterer til skredkveld om trygg ferdsel i vinterfjellet, på Stryn Vidaregåande skule, onsdag 19. november kl 19:00.
Dørene opnar kl 18.00, tid til kaffi/kaker og prat, før start.
Skredkveld er ein del av den nasjonale satsinga i samarbeid med Snøskredvarslinga i Norge (NVE), CARE og Fri Flyt, og skal gi både inspirasjon og påfyll av kunnskap for trygg ferdsel i vinterfjellet. Lokal arrangør er Indre Nordfjord Turlag og DNT Fjellsport.
Føredragshaldar er Jostein Aasen, senioringeniør og snøskredvarslar i NVE.
Stryn Røde Kors-skredgruppa, kjem og fortel om arbeidet sitt og aktivitetar i nærmiljøet.
Det blir visning av Friflyts skreddokumentar "Begravet". Dokumentaren er både spennande og lærerik, og tek for seg livsviktige beslutningar i skredterreng samt refleksjonar frå folk som har overlevd snøskred.
La oss fylle auditoriumet på Stryn vgs med vinterglade vener! Anten du er ein erfaren toppturentusiast eller nybyrjar, er du velkommen til ein kveld der du kan møte andre, tileigne deg ny kunnskap eller repetere det som har blitt lagt på is sidan førre sesong.
I løpet av kvelden får du m.a. innblikk i:
1. Kva er skredterreng?
2. Korleis tek ein trygge vegval?
3. Kva er Varsom Regobs, og korleis brukar ein snøskredvarselet?
4. Kva kan vi lære av tidlegare ulukker?
5. Skredredning og utstyr til førstehjelp i vinterfjellet.
Det blir utlodding av flotte sponsorgåver, og enkel servering med kaffi og snacks.
Gratis arrangement – inga påmelding!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Stryn Vgs, Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Norge, Stryn, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





