Advertisement
🎿 SKREDKVELD – bli tryggare i vinterfjellet! Drøymer du om dei høgaste tindane på ski? ⛰️Trivst du best i oppkøyrte løyper og er usikker på skredterreng? Nyfrelst høkkar som vil lære meir?
Eller berre klar for å friske opp kunnskapen før sesongen? ❄️
Ta med ein venn, mor di eller naboen og bli med på skredkveld!
Program:
🧠 Foredrag og praktiske råd om ferdsel i vinterfjellet
🎮 Kahoot på slutten – premie
🎬 Film frå FriFlyt
Tid & stad:
🗓️ Onsdag 19. november
🕕 Klokka: 18.00-20.00
📍 Harprefoss Hotell
❤️ Foredraget er GRATIS og alle er velkomne
⚠️ Påmeldingsfrist: 1. november
Lenke påmelding: https://aktiviteter.dnt.no/register/skredkveldharpefoss_30092025123348#/
Kven passar kvelden for? For alle som vil ha gode opplevingar i vinterfjellet – på fjellski, randonée eller rattkjelke. Tindevegleiar Sondre Kvambekk gir deg dei viktigaste verktøya for å planlegge og gjennomføre trygge turar. Du får nyttige tips, blir gira på å lære meir og får inspirasjon til å kome deg ut i vinter. 💪
Arrangørar: DNT Gudbrandsdalen og 500fjell / Sondre Kvambekk.
Foto: Krogh Foto
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Harpefoss Hotell, Gålåvegen 58,Sør-Fron, Lillehammer, Norway
Tickets