Advertisement
Korleis har skeive personar blitt oppfatta og omtala gjennom tidene? Og korleis har skeive personar sjølve ønskt å bli omtala? Når vart slangordet «skeiv» tatt i bruk?Omgrep som «homoseksualitet» og «transperson» er relativt nye, men det er slett ikkje nytt å bryta normer for kjønn og seksualitet. Det er heller ikkje nytt å setja namn på dei av oss som gjer slikt. Denne kvelden kan du høyra filolog og forfattar Kristin Fridtun fortelja om bakgrunnen til nokre av orda og uttrykka som har vore nytta.
Etter innlegget til Fridtun blir det opna for spørsmål og ordskifte.
Kristin Fridtun (f. 1987) kjem frå Elverum, har studert i Trondheim og bur no på Lillehammer. Fridtun har gjeve ut fleire bøker, til dømes Kjønn og ukjønn (2015), Homoflokar (2018) og Kunsten å irritera seg over skrivefeil (2021). Ho er no aktuell med boka Skeiv på norsk (saman med Lars Helge Frivold), som handlar om historia til «skeiv» og kjem i revidert utgåve på Måken Forlag våren 2025.
Foto: Linda Bournane Engelberth
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Øragata 21, 7200 Kyrksæterøra, Norge, Øragata 21, 7200 Kyrksæterøra, Norge,Kyrksæterøra, Trondheim, Norway