Advertisement
Sigurd og Ådnes musikklabyrint er klar for nytt år og nye rundar på Bokhandelen! Publikum gav gode tilbakemeldingar på både vanskegrad og underhaldningsverdi etter pilot-runden i november, så radarparet Brørs og Evjen kjører på i same spor. Det blir spørsmål om ikkje altfor ukjente songar og artistar – eksempelvis var a-ha, Oasis, Gitarkameratene og Taylor Swift representert i fjor. Og quizmeistrane spritar også denne gongen opp med live musikkinnslag.Bokhandelen har plass til tolv lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar.
Meld på laget ditt ved å sende e-post til [email protected] eller skrive ei melding til Bokhandelen på Facebook. I fjor vart kapasiteten fylt opp, så ver gjerne ute i god tid. Siste frist er kvelden før.
Påmeldingsavgift på 50 kr per deltakar kan betalast i baren på konkurransedagen.
Dei tre beste laga blir premiert!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kyrkjevegen 2D, 266 Dombås, Norway, Kyrkjevegen 2D, 2660 Dombås, Norge, Dombås, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






