Advertisement
Sanger fra hjertet, historier fra leveren – En stand up-forestilling med live soundtrack. Av og med Jon Hægland og Erik Aasen. Jon Hægland har lenge vore ein av dei beste og mest brukte komikarane i Stand Up Bergen. Osingen er kjend for sin kompromisslause og svært sjølvutleverande stil, og har vorte kalla den beste historieforteljaren i Bergen.
For halvanna år sidan starta han arbeidet med det som skulle bli hans første heilkvelds soloshow. Samstundes tok han opp att tråden med musikkduoen som han og sambygdingen Erik Aasen sporadisk har prøvd å halde liv i ti år, med tre sceneopptredenar og like mange øvingar.
På eit tidspunkt i arbeidet med showet kom ideen om å sjå om det kunne vere mogleg å lage eit stand up-show sentrert rundt songane som Jon skriv til duoen. Trass i at musikken er vakker norsk visecountry som ikkje har til hensikt å få folk til å le, er det ofte slik at både songane og stand up-materialet kan knytast til mange av dei same inspirasjonskjeldene.
Etter å ha prøvd ut eksperimentet fleire gonger framfor publikum, har dei funne ut at det ikkje berre er mogleg å få det til, men at det i krysningspunktet mellom dei to ulike uttrykksformene også blir skapt ein heilt eigen, unik verdi. Dei meistrar kunststykket med å balansere det vakre og det upretensiøse på ein svært gjennomført måte.
Bli med på ei berg-og-dalbane av kjensler, der du vert dratt frå hysteriske historier frå eit levd liv som mannegut med dårleg sjølvreguleringsevne, til vakre, sjelfulle tonar frå to svært kompetente musikarar.
Varigheit om lag 90 minutt.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, Norway
Tickets