Sang-kickstart og vakker natur på Mjølfjell helga 23-24. august!

Sat, 23 Aug, 2025 at 10:00 am to Sun, 24 Aug, 2025 at 03:00 pm UTC+02:00

Kårdal Fjellstove | Voss

Bodil R\u00f8rtveit
Publisher/HostBodil Rørtveit
Sang-kickstart og vakker natur p\u00e5 Mj\u00f8lfjell helga 23-24. august!
Advertisement
Dette er helga for deg som er glad i å synge, og ønsker å oppleve noko heilt spesielt saman med andre sangglade, i frisk fjelluft og vakker natur. Det blir ein kickstart på sangsemesteret ditt! Det blir eit opplevelsesbasert kurs, der vi syng saman på ulike måtar, fleirstemt, einstemt, vakre harmoniar, og vi lærer meir om korleis pust, støtte og andre stemmetips og triks kan gi oss større glede av stemma. Vi snakkar også om korleis pust og stemme kan roe nervesystemet og heilt vitenskapelig faktisk synkroniserar hjerterytmen vår og gir oss ei kjensle av tilhørighet. Vi leikar oss med stemma og det blir også moglegheit for individuell oppfølging undervegs om du vil (medan vi lyttar på kvarandre). Eg kjem også til å delvis forme programmet ut i frå det som oppstår når vi er samla i denne unike samansetninga av menneske. (Dette blir ikkje eit vanleg CVT-kurs (sjå forklaring nederst), men eg brukar sjølvsagt dei same sangtekniske verktøya i undervisninga)
Laurdag kveld held eg ein meditativ konsert basert på mitt nye vokalalbum; DJUPNA, som har fått strålande anmeldelsar i inn- og utland. På konserten legg eg lag på lag med vokal ved hjelp av loop station - eit fantastisk “instrument” for ein songar som vil akkompagnere seg sjølv på konsert. Det blir også moglegheit til å synge med i løpet av konserten, sidan vi kjem til å synge på nokre av desse songane i løpet av kurset. Konserten blir open for andre fjellfolk:)
Kven er kurset for?:
- For deg som likar å synge og vil bli inspirert og lære meir!
- For korsongarar
- For deg som syng solo og gjerne vil synge med andre.
- Du treng ikkje kunne notar, men du bør vere vant til å synge fleirstemt.
Tidsplan:
Laurdag
10-12 - workshop.
12-13 - felles lunsj
13-15 -workshop
15-18 - mulighet for liten fjelltur eller bade i den flotte Smilekulpen
18 - felles middag og sosialt
20 - meditativ konsert med Bodil
Søndag
10-12 - workshop
12-13 - felles lunsj
13-15 - workshop
Heimreise eller fjelltur
Frå Bergen tar det 2 ½ time å køyre opp (du kan køyre til døra), eller ca to timar med tog Bergen - Ljosanbotn (hugs å seie i frå til konduktøren, dei stoppar kun dersom nokon skal av). Det er også mogleg å bestille overnatting frå fredag til laurdag om du vil nyte fjellet på fredagen. Gi meg i så fall gjerne ein lyd om det, sidan dei har heldt av nokre rom til oss:)

Tid: Laurdag og sundag 23.-24. august
Stad: Kårdal Fjellstove, Mjølfjell (Ljosanbotn togstasjon)
Påmelding og spørsmål: send mail til [email protected]
(tlf: 45 25 75 87) Hugs å skrive kva type overnatting du ønsker, og skrive gjerne fleire alternativ i prioritert rekkefølge.
Siste påmeldingsfrist 11. august
Antall kursdeltakarar: 10-20
(Der er ti soverom tilgjengelig på Kårdal Fjellstove)
Kurset inkluderar:
Kursprisen er inkludert kurs, konsert, ei overnatting, tre felles måltider (to lunsj og ein treretters middag) servert av Kårdal Fjellstove. Det er i utgangspunktet køyesenger på dei fleste romma. Førstemann til mølla jf romtype. Gi beskjed om du er open for å dele rom, så deler eg romprisen på to.
Alternativ 1: overnatting 1 pers i eget rom i 5-roms leilighet (dele kjøkken/bad med andre, ordner frukost sjølv, får servert to lunsj og ein tre retters middag)
Pris (siste frist 11. august) 5390 kr
Alternativ 2: Overnattig 1 pers i eget rom i 3-roms leilighet (dele kjøkken/bad med andre, ordner frukost sjølv, får servert to lunsj og ein tre retters middag)
Pris (siste frist 11. august): 5590 kr
Alternativ 3: Overnatting 1 person i dobbeltrom ( frokost, lunsj, tre retters middag inkludert laurdag + frokost og lunsj søndag. Har ikkje eget kjøkken)
Pris (siste frist 11. august): 6390 kr
Alternativ 4: Dersom du har egen overnatting på Mjølfjell (prisen inkluderer kurs, konsert, tre felles måltider (to lunsj og ein middag) servert av Kårdal Fjellstove.
Pris (siste frist 11. august): 4990 kr

Om Bodil Rørtveit
Bodil Rørtveit er songar og songpedagog og har lang erfaring med undervisning av songarar, både profesjonelle og glade amatørar. Ho er kjend som ein inspirerande instruktør, arrangør og komponist. Bodil er sertifisert vokal coach i Complete Vocal Technique sidan 2008, i tillegg har ho hovudfag (master) i musikk frå NTNU. Ho er også ein skikkelig kor-nerd som elskar fleirstemt song og har sunge i profesjonelle vokalgrupper og dirigert kor. Ho har vore songpedagog ved Den Nationale Scene i 11 år og ved Griegakademiet i 3 år. Bodil har erfaring innan mange ulike sjangre, både pop, jazz, folk, musikal, impro, eksperimentell- og klassisk musikk, og ho kan hjelpe deg uansett sjanger. Som utøvar og kunstnar skapar ho konseptuelle musikk- og scenekunstprosjekt, blant anna i samarbeid med Festspillene i Bergen og Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester. Og i april 2025 gav ho ut sitt første acapella soloalbum til strålande kritikkar.
Om Complete Vocal Technique (CVT)
Complete Vocal Technique (CVT) er eit sangteknikksystem utvikla av Cathrine Sadolin, basert på anatomi og fysiologi. Ho er ein av dei framste stemmeforskarane i verda. CVT omhandlar alle sjangrar og stilartar, frå klassisk via pop til heavy metal, og gir deg enkle, konkrete verktøy for å løyse dine sangtekniske utfordringar. Systemet brukast av profesjonelle og amatørar over heile verda, og passer for alle nivå og sjangre. Complete Vocal Institute (CVI), som vart grunnlagd i København i 2005, er i dag Europas største sanginstitutt, med utdanningar i flere europeiske land. Bodil Lunde Rørtveit er autorisert lærar i CVT.

Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Kårdal Fjellstove, Kårdalstunet 20, 5706 Voss, Norge, Voss, Norway

Sharing is Caring:

More Events in Voss

Yt&Nyt treningsweekend
Fri, 22 Aug at 02:00 pm Yt&Nyt treningsweekend

Thon Hotel Sandven

ARRANG\u00d8RLAUGET 2025\/\/ Voss kulturhus
Fri, 22 Aug at 05:30 pm ARRANGØRLAUGET 2025// Voss kulturhus

Evangervegen 6, 5700 Vossavangen, Norway

Pop-up Mikrofon p\u00e5 kulturhuset!
Fri, 22 Aug at 08:00 pm Pop-up Mikrofon på kulturhuset!

Voss kulturhus

Overnattingstur: Grindaflet - Vindeggi - Langhuso
Sat, 23 Aug at 08:10 am Overnattingstur: Grindaflet - Vindeggi - Langhuso

Voss Stasjon

Wings & Wheels Hardanger 2025
Sat, 23 Aug at 11:00 am Wings & Wheels Hardanger 2025

Hardanger fartøyvernsenter

Eksingedalsmarknad 2025
Sat, 23 Aug at 11:00 am Eksingedalsmarknad 2025

Eksingedalen Snarkjøp As

Sj\u00f8mat og skalldyrbuffet etterfulgt med live musikk.
Sat, 23 Aug at 07:00 pm Sjømat og skalldyrbuffet etterfulgt med live musikk.

10 Mo, Modalen

Stuss\u00b4lige karer - ein Vazelinahyllest i L\u00e6rdal Showtheater laurdag 23. august
Sat, 23 Aug at 08:00 pm Stuss´lige karer - ein Vazelinahyllest i Lærdal Showtheater laurdag 23. august

Grandavegen 5, 6887 Lærdalsøren, Norway

Geologitur til Bl\u00e5skavlen, Aurland kommune
Sun, 24 Aug at 11:00 am Geologitur til Blåskavlen, Aurland kommune

Parkering, Vetle Andisvatnet

Sommarlesfest
Mon, 25 Aug at 06:00 pm Sommarlesfest

Kulturhuset, Evangervegen 6, 5704 Vossavangen, Norway

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events