Advertisement
VELKOMMEN TIL SANDNESFEST 2025☀️Me lagar til festival på Sandneskafeen 6.-7.juni 2025, og du er herved invitert! Alt av program vil foregå på uteområdet i deilig solskinn! Sjå fram til eit tettpakka program med fantastiske artister innan sin sjanger.
Fredag får me besøk av nokre av landets beste stand-up komikere, nemlig Ole Soo og Vidar Hodnekvam, rett frå latter scene i Oslo. I tillegg blir det livemusikk med Pfizers Orchestra frå Solund, som speler allsangvennlige og dansevennlige schlagers!
Lørdag kjem sjølvaste Jan Eggum for å holde konsert, som ein del av sin "Observatør på tur"-turne. Det blir stor stas! Elles har me show for dei minste med Klovnen Knut og ungdomskonsert der lokale og regionale ungdommar står på scena og viser fram talentet sitt. Kvelden blir avslutta med Arild & Åsmund med gitarar! Med andre ord, her er noko for alle!
Program fredag 6.juni:
Stand Up m/ Ole Soo og Vidar Hodnekvam
Livemusikk m/ Pfizers Orchestra
Program lørdag 7.juni:
Show med Klovnen Knut ( gratis for alle)
Ungdomskonsert med lokale ungdommar ( gratis for alle)
Konsert m/ Jan Eggum
Livemusikk v/ trubadurene Arild og Åsmund
Aktivitet på dagtid lørdag er open for alle og gratis! Aldersgrense lørdag er 18 år etter klokka 22.00.
Det vil bli deilig matservering av WetPig BBQ begge dager, og muligheter for kjøp av kald og god drikke!
Det vil også bli ekstra toalettfasiliteter!
Me har den plassen me har, det vil difor bli lagt ut eit avgrensa tal på billetter for sal så her må ein vere om seg!
Billetter kjøper du på: https://sandneskafeen2728.hoopla.no/event/403006104/?utm_medium=search&utm_source=hoopla.no
Arrangementet er støtta av Masfjorden kommune!
VELKOMMEN!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Austfjordvegen, 5981 Masfjorden, Norway, Bergen, Norway
Tickets