Advertisement
Dette er ein kveld for å løfta fram den vakre og slitesterke arven frå Nynorsk salmebok. Ivar Aasens undring, Per Sivles tvil, den trygge trua hjå Elias Blix, fiskarens farefulle kvardag skildra av Bernt Støylen, Anders Hovdens kveldsro og Matias Skards lengt mot solrenning. Alt dette og meir til er med under denne salmekvelden. Det blir ei veksling mellom allsong, soloinnslag og korte historiske presentasjonar.Magnus Blom – piano, orgel og musikalsk ansvar
Per Halse – historiske innblikk
Lise Herland – obo
Solveig Westermoen – solosong
Maria Sæle – solosong
Mari-Anne Fosse Dalland - opplesing
Gratis inngang, inga påmelding, alle er velkomne!
Salmekvelden er eit samarbeid mellom Meland Mållag og Meland kyrkjelyd.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Meland kyrkje, Meland Kyrkje, Bjørnestadvegen, 5919 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway