Røyster mellom to land - premiere

Sun, 08 Mar, 2026 at 05:00 pm UTC+01:00

Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway | Bergen

Vestnorsk Utvandringssenter
Publisher/HostVestnorsk Utvandringssenter
R\u00f8yster mellom to land - premiere
Advertisement
Røyster mellom to land er ei varm og kraftfull konsertframsyning om val, draumar og uthald. Ho lyftar fram stemmer som ofte har stått i skuggen av dei store historiene – og let dei få klinga klårt.
Bli med inn i eit rikt og sanseleg univers der arbeid, kvardag og store livsendringar glir over i kvarandre. Gjennom song, forteljing og levande historisk materiale møter me kvinner frå Vestlandet som, i hundreåret 1825–1925, valde – eller vart nøydde til – å forlate heimen og søkje eit nytt liv i Amerika.
Framsyninga vekslar mellom varme, humor og rå røyndom. Me får glimt av både det nære og det dramatiske: pakkelister sende frå Amerika, tronge lugarar, uver på havet, lange togreiser – og dei første møta med eit framandt kontinent.
I dette landskapet av arbeid, mot, frykt og von er det songen og forteljinga som bind alt saman. Musikken gjev stemme til det som ikkje alltid let seg seia, medan forteljingane dreg oss tett på livsvala, saknet og håpet. Gjennom heile framsyninga ligg òg spørsmålet om tilhøyrsle: Kvar høyrer me heime når livet har rive oss opp med rota?
Premieren finn stad 8. mars 2026 i Emigrantkyrkja på Radøy – eit rom som sjølv har vore på reise, ei norsk kyrkje frakta frå Amerika. I samband med premieren vil GUNNSTEIN AKSELBERG halda ei innleiing i tilknyting til framsyninga.
Framsyninga er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere 8. mars 2025 – på den internasjonale kvinnedagen – i samband med utvandrarjubileet. Eitt år seinare, 8. mars 2026, møter podkasten scenen i konsertframsyninga Røyster mellom to land, og gjev nytt liv til forteljingane gjennom song, stemme og levande møte med publikum.
Medverkande
Reidun Horvei – manusutvikling, song og forteljing
Johanne Øvstebø Tvedten – forteljing
Inger-Kristine Riber – manusutvikling, komponist og piano
Katherine Jane Hanson - manusutvikling
Gunnstein Akselberg - innleiing
Billett kr 350,- Kjøp på førehand her
Meir informasjon: www.vaagespel.no
Advertisement

Event Venue

Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway, Hellandsvegen 541, 5939 Alver, Norge, Bergen, Norway

Tickets

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Omvising: kvinnene i fabrikken
Sun, 08 Mar at 02:00 pm Omvising: kvinnene i fabrikken

Salhusvegen 201, 5107 Bergen, Norway

WOMEN IN WINE: en vinmesse - p\u00e5 kvinnedagen!
Sun, 08 Mar at 03:00 pm WOMEN IN WINE: en vinmesse - på kvinnedagen!

Sann

FMV Coffee & Read - Casual reading meet-up
Sun, 08 Mar at 03:00 pm FMV Coffee & Read - Casual reading meet-up

Café Opera

Restorativ yoga & lydbad - hver s\u00f8ndag
Sun, 08 Mar at 03:00 pm Restorativ yoga & lydbad - hver søndag

Kokstadvegen 9, 5257 Fana, Norway

Salsa tedans
Sun, 08 Mar at 04:00 pm Salsa tedans

Kom og Dans Bergen

SHE - A tribute to the women of the world
Sun, 08 Mar at 04:00 pm SHE - A tribute to the women of the world

Grieghallen

Voulez Vous et fabelaktig ABBA show! \/\/ Grieghallen
Sun, 08 Mar at 05:30 pm Voulez Vous et fabelaktig ABBA show! // Grieghallen

Edvard Griegsplass 1, 5015 Bergen, Norway

Salsa Social Sunday 8\/03 - by Mambo Bergen
Sun, 08 Mar at 06:00 pm Salsa Social Sunday 8/03 - by Mambo Bergen

Biblioteket Bar

 Fire \u00e5rs utholdenhet - st\u00f8ttekonsert for Ukraina
Sun, 08 Mar at 07:30 pm Fire års utholdenhet - støttekonsert for Ukraina

Bergen Domkirke

Night of Soul \u2013 en magisk kveld for henne! \/\/ Grieghallen
Sun, 08 Mar at 08:00 pm Night of Soul – en magisk kveld for henne! // Grieghallen

Edvard Griegsplass 1, 5015 Bergen, Norway

Dyrk agurk og tomat \ud83d\udc9a Bybonden i Bergen
Mon, 09 Mar at 06:00 pm Dyrk agurk og tomat 💚 Bybonden i Bergen

Kanonhaugen 39

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events