Advertisement
Brennaktuelt tema - og ei ypparleg øving i kunsten å sjå ei sak frå fleire sider!Tessa er ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.
Men ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho sjølv må setje systemet på prøve. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp for å finne vegen ut av den same skuggen av tvil som ho tidlegare har kasta over andre. «Prima Facie» tek oss med til det vanskelege punktet der livet møter reglane i lova.
«Prima Facie» er tankevekkjande, brutalt og rørande. Eit teaterstykke som vert sitjande i kroppen lenge etter at teppet har gått ned.
Stykket har mottatt ei rekkje prisar og gått sin sigersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på 45 scener over heile landet moglegheita til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga der dei bur.
«BEST PLAY»
Olivier Award
«BEST NEW PLAY»
WhatsOnStage
«BEST NEWCOMER»
Broadway World UK Awards
* Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatende eller ved første øyekast.
Noregspremiere i Oslo, Nydalen 4. februar 2025.
På turné med Riksteatret til 45 stader. Blir spelt på Nationaltheatret etter turné.
På scena: Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset.
Av Suzie Miller
Omsett av Agnes Banach
Regissør: Maren E. Bjørseth
Scenograf og lysdesignar: Norunn Standal
Kostymedesignar: Alva Walderhaug Brosten
Komponist og lyddesignar: Sjur Miljeteig
Koreograf: Magnus Myhr
Produsent: Silje Vigerust Vinjar
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.
PRESSA SKRIV:
"En forestilling som garantert vil åpne samtaler – og dermed endre litt av verden. (..) Og Maria Kristine Hildonen? Hun beviser at skuespillerkunst kan være en superkraft." - Aftenposten, 6
"Vinterens sterkeste teateropplevelse" - Dagsavisen, 6
"Skuespillerkunst i særklasse" - Adresseavisen, 6
«Strålande skodespel i eit brennaktuelt stykke» - NRK, 5
"Velspilt og velregissert, med et nydelig scenisk driv" - Norsk Shakespeare Tidsskrift
«Ein skodespelarprestasjon av dei helt sjeldne» - Klassekampen
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge,Ål, Hønefoss, Norway
Tickets