Advertisement
Fjellsport kan medføre ein del slitasje på både kle og utstyr. Så kanskje det er på tide å bruke ein mørk novemberkveld til reparere holet i stillongsen, gensaren som har rakna, gamasjane som er ødelagt eller andre kle og utstyr som treng litt omsorg?Me har fått lov til å vere med på Fiksetorsdag på Bærekraftlaben på hovedbiblioteket, der det er tilgang på symaskiner og syutstyr og også anna moro som 3D-printer, lasterkutter og diverse verktøy.
https://bergenbibliotek.no/baerekraftslaben
Bærekraftlaben er open 15-19:30. Me er der frå ca kl 16.
Me tar med sytråd og litt stoffrestar som me kan lappe med. Me kjøper inn litt glidelåser, borrelås og ymse knapper og spenner, og dei som treng kan vippse for det de tar.
Ta me det du vil reparere. Me deler tips og triks, og hjelper kvarandre så best me kan. Du kan også gjerne ta med eigen symaskin om du har. Dersom du har plagg du tenker det absolutt ikkje er håp for, ta det gjerne med også. Du kan reparere meir enn du trur, og ellers er ødelagte plagg fine til å lage lapper til andre plagg.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6,Bergen, Hordaland, Norway