Advertisement
Sidan 2017 har FolkOrg vore så heldige å samarbeide med Dextra Musica, noko som har gitt oss moglegheita til å stø oppom mykje av det gode rekrutteringsarbeidet som skjer rundt om i heile landet. I 2025 har FolkOrg gjeve stønad til heile 15 prosjekt fordelt på 9 av landets 15 fylker. I samband med Folkelarm arrangerer FolkOrg seminar om rekruttering i folkemusikk- og folkedansmiljøet.Seminaret er meint å vere ein møteplass for alle som driv med rekrutteringsarbeid og kor alle interesserte kan få inspirasjon og nye idear til rekruttering i sine lokalmiljø. Målet med seminaret er å dele nyttige erfaringar og gi kvarandre inspirasjon og hjelp til vidare rekrutteringsarbeid.
Spelemannslaget Laust og Fast og Dansen i Berget det Blå
På årets seminar blir det presentasjon av to prosjekt som båe fekk rekrutteringsmidlar frå Dextra Musica i 2025. Spelemannslaget Laust og Fast har base i Skaun i Trøndelag, og har fått rekrutteringsmidlar over fleire år. Sturla Eide er leiar av prosjektet, og til seminaret tek han med seg fleire av ungdommane i laget for å fortelje om erfaringer med rekrutteringsarbeid. Det blir også presentasjon av Dansen i Berget det Blå som mottok rekrutteringsmidlar for fyrste gong i år. Olemic Thommessen vil fortelje om det nyoppstarta rektutteringsprosjektet, som etter planen skal vere del av ei større framsyning med folkedans og folkemusikk på Lillehammer sitt 200 års jubileum.
Seminaret er gratis.
Det vert servering av kaffi, te og lunsj.
På grunn av bestilling av lunsj, ber vi om at du melder deg på seminaret her: https://www.folkelarm.no/rekrutteringsseminar.6730585-569622.html
Merk at seminaret har begrensa med plasser, så her er det førstemann til mølla som gjeld!
I forkant av seminaret blir det presentasjon av det nye kompetanseheftet: “Leiar i laget - ei innføring i musikalsk leiing”. Dette er eit arbeid med utgangspunkt i undervisningsopplegg frå prosjektet FolkLeiarUng, som starta opp i 2021. Vi oppmodar alle som er interesserte til å få med seg denne presentasjonen. FolkOrg vil i tillegg opne opp for innspel til nettverk for pedagogar og instruktørar.
Seminaret er finansiert av Dextra Musica.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
FOLKELARM, Oslo Sangskole, Korsgata, 0552 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











