Rammsund 20 år: Ein kveld i Operaen

Sun Sep 03 2023 at 08:00 pm

Operahuset Oslo | Oslo

Rammsund
Publisher/HostRammsund
Rammsund 20 \u00e5r: Ein kveld i Operaen
Advertisement
Stad: Operaen i Oslo
Dato: Sundag 3. sep. 2023
Billettsal: Fredag 11.11 kl 11.00
Billettpris: 450-550 kr
Kven kunne tru at det har gått tjue år sidan Rammsund fyrst inntok dei norske konsertscenene?
Rammstein på nynorsk slo an momentant ein sumardag i 2003, og sidan har Rammsund-toget tøffa på - og aldri sett seg attende.
Rammsund har aldri fått nokon målpris, men derimot gitt ut sin eigen. Båe Språkrådet og Mållaget har vore blant dei heldige mottakarane av Rammsunds Målpris, men det er fyrst og fremst musikken som skapar stemning. For kva kan vel eigentleg slå Rammstein på nynorsk? Inkje!

Du må berre kunne nynorsk for å skjøne Rammstein
Du vert ikkje det største ikkje-engelskspråklege rockebandet i verda, om ikkje musikken og melodiane er feite nok til å stå på eigne bein. Du må med andre ord ikkje skjøne orda til Rammstein. Men då ein kompisgjeng frå Oslo på slutten av 1990-tallet starta å gere djupdykk i tekstane, skjøna dei at dette måtte verda få med seg! Eller, i kvart fall måtte Noreg få det med seg (det fekk vere måte på kor stort ansvar ein skulle ta på seg).
Dermed vard den fødd: ideen om Rammstein på norsk! Det måtte vere hardt, feitt og brutalt. Og med ein noko større dose godt humør enn kva metalband gjerne er kjend for. Dessutan, skulle ein bevare schwungen frå dei tyske tekstane, heldt det ikkje med utvaska bokmål. Det er nemleg berre eitt norsk språk som er stramt og hardbarka nok til å vere det østtyske metalfenomenet verdig. Det måtte verte nynorsk.
Ei utslitt Spynorsk Mordliste og eit par korrekturlesingar av Språkrådet seinare, og dei fyrste Rammstein-songane på nynorsk var klare, ein vinterdag i 2003. Rammsund var fødd.
Sidan har det gått slag i slag, og det finst knapt ei scene i Noreg kor ikkje Rammsund har misjonert på vegne av Rammstein og Målsaka. Og no kan dei endeleg óg krysse av for Operaen!

Eit show utanom det vanlege
Bandet lovar eit show utanom det vanlege, når dei for den fyrste og einaste gongen inntek Operaen. I sann Rammstein-and vert det sjølvsagt flammar! Men det vil óg vere element som er Operaen verdig. Så vert med på ein heilaftan som båe Rammstein- og Rammsund-fans garantert vil setje pris på! Fyr laus!
Vert med og feire 20 år med Rammsund!
NB! Ingen aldersgrense! (Men baren er open!)
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Operahuset Oslo, Oslo,Oslo, Norway

Tickets

Sharing is Caring: