Advertisement
I høve Friluftslivets år 2025 har vi gleda å invitere til foredrag med Johanne Refseth, betre kjent som "Psykolog med sovepose".Nokon mennesker er født som Lars Monsen eller Marit Bjørgen. Dei står opp om morgonen og tenker: "Dette skal eg gjere." Så gjer dei det. Så er det oss andre: Vi som står opp om morgonen og tenker "Dette skal eg gjere" for deretter å gjere noko heilt anna. Det er vi som drøymer og ønsker, men som på underlig vis og på alle mulige måtar ender med å gjere noko heilt anna.
Vi utset, uroar oss, lèt vere å planleggje, unngår å finne løysingar på problem, og på slutten av dagen sit vi i sofaen og skrollar medan vi drøymer om noko heilt anna.
Og den draumen kan vere kva som helst: det kan vere å våge å snakke til damer, å faktisk kose seg på ei scene, søkje den jobben du har lyst på, dra åleine på byen – eller kanskje det er å tørre å fortelje dei vaksne ungane dine at dei får fikse julemiddagen sjølve i år, for du skal til Svalbard og sjå nordlyset du drøymde om då du var fjorten. Dette er handboka for alle eventyrarar, fanga i kroppen til Ludvig frå Flåklypa.
Dette er foredraget om kvifor, korleis og kva du skal gjere for å få gjennomført det du drøymer om. Johanne Refseth er psykolog, som så ofte ho kan, er ute på tur. Med Instagram-kontoen «Psykolog med sovepose» har ho opparbeidd seg ein stor og ivrig følgjarskare. "Tøffere enn du tror" er hennar andre bok.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sjøborg kulturhus og kino, Sjøgata 10,Ulsteinvik, Norway, Aalesund
Tickets