Patti Smith 80 år - Ei feiring av mennesket, musikken og skrivinga

Thu Feb 26 2026 at 07:00 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway | Trondheim

Litteraturhuset i Trondheim
Publisher/HostLitteraturhuset i Trondheim
Patti Smith 80 \u00e5r - Ei feiring av mennesket, musikken og skrivinga
Advertisement
Ho er ei legende i den amerikanske musikkhistoria og er kjend som pønken si gudmor. I tillegg har ho skrive og gitt ut fleire bøker. Patti Smith fyller 80 år i år. Bli med på feiringa!
Patti Smith (f. 1946) er kjend som både vokalist, låtskrivar, poet og artist. I tillegg har ho skrive og gitt ut fleire bøker, mellom anna Just Kids (2012) og M Train (2016). Den førebels siste utgjevinga på norsk er memoarboka Brød frå englane (2025).
I desember 2026 fyller rockelegenda 80 år. Dette feirar Litteraturhuset ved å invitere til ein samtale med Ingvild Holvik, Brit Bildøen og Petter Fiskum Myhr. Med utgangspunkt i memoarane Just Kids, M Train og Brød frå englane, vil dei snakke om mennesket, musikken og skrivinga, om kunst og inspirasjonskjelder, og om den påverknaden Patti Smith har hatt og enno har på fleire generasjonar av musikk- og litteraturinteresserte.
Brit Bildøen (f. 1962) er forfattar av både romanar, essay og barnebøker. I tillegg er ho omsetjar, og har mellom anna omsett Patti Smith sine bøker Just Kids, M Train og Apens år til norsk. Bildøen er omsett til fleire språk og har blitt tildelt fleire litterære prisar. I 2023 fekk ho Doblougprisen for heile forfattarskapen sin.
Ingvild Holvik (f. 1976) er forfattar og har sidan debuten i 2010 fått strålande kritikkar for det gripande forfattarskapen sin. Ho har òg omsett fleire bøker til norsk, mellom anna Patti Smith si Brød frå englane.
Petter Fiskum Myhr (f. 1957) er litteraturvitar og forfattar. Han har skrive ei rekkje bøker, ikkje minst om Bob Dylan. Han er tidlegare direktør ved Rockheim og for Olavsfest. Før dette arbeidde han i mange år som journalist og redaktør i NRK.
Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim
Tidspunkt: 26. februar 2025 kl. 19:00-20:30
Sted: Trondheim folkebibliotek, Kulturtorget
Billettpris: 150/100
Foto: Sara Sanderud / Jesse Dittmar / Agnete Brun
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norway, Kongens gate 2, 7011 Trondheim, Norge, Trondheim, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Trondheim

Chris Holsten \/\/ Byscenen Trondheim
Wed, 25 Feb at 08:00 pm Chris Holsten // Byscenen Trondheim

Kongens Gate 19, 7012 Trondheim, Norway

Julia Bengtson  \/\/ Antikvariatet
Wed, 25 Feb at 08:00 pm Julia Bengtson // Antikvariatet

Antikvariatet

Chris Holsten \/\/ Byscenen Trondheim (f\u00e5 billetter)
Thu, 26 Feb at 08:00 pm Chris Holsten // Byscenen Trondheim (få billetter)

Kongens Gate 19, 7012 Trondheim, Norway

Nils Arne Eggen Cup 2026
Fri, 27 Feb at 12:00 pm Nils Arne Eggen Cup 2026

Orklahallen

Vassendgutane \/\/ Tapperiet
Fri, 27 Feb at 08:00 pm Vassendgutane // Tapperiet

Tapperietpaadahls

Vassendgutane in Trondheim
Fri, 27 Feb at 08:00 pm Vassendgutane in Trondheim

Tapperiet Paa Dahls

Mesterturnering i Trondheim 2026
Sat, 28 Feb at 09:30 am Mesterturnering i Trondheim 2026

Folkets Hus Trondheim

Sidenav Mesteran l\u00f8rdag og s\u00f8ndag
Sat, 28 Feb at 11:00 am Sidenav Mesteran lørdag og søndag

Folkets Hus Trondheim

Trondheim is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Trondheim Events