Advertisement
Den norske lekpredikanten og industrigründeren Hans Nielsen Hauge er truleg mest kjent som grunnleggjaren av den kristne rørsla «haugianarane». Hauge er den enkeltpersonen som har hatt størst innverknad på norsk kyrkjeliv etter reformasjonen. Han reiste rundt i heile landet, snakka med folk og bygde eit omfattande nettverk. Samstundes var han aktiv forfattar og i opposisjon til prestane. Forfattarskapen og bokproduksjonen til Hauge vart ein viktig overgang til omfattande forretningsverksemd. Han spreidde verksemda si til ein rekkje bransjar og viste seg som ein framifrå entreprenør.
Foredragshaldar Ola Grytten er tilsett som professor i økonomisk historie ved Norges Handelshøyskole / NHH. Han har vore spesialrådgjevar for Norges bank og hatt ei rekkje verv i både inn- og utland. Han har særleg forska på makroøkonomiske utviklingstrekk og i seinare tid også på historisk kriseøkonomi.
Foredraget varer om lag 2 timar inkludert kaffipause.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge,Osøyro, Bergen, Norway
Tickets