Advertisement
2025 er Friluftslivets år, og veke 37 er Friluftslivets veke. I samband med dette arrangerer Time kommune, Jæren Friluftsråd og Jæren Turlag "ordførarens tur" 10. september. Kom og slå følge med ordførar Andreas Vollsund rundt Melsvatnet, eit av dei mest populære turområda i kommunen!Oppmøte på den midterste av dei tre parkeringsplassane langs vegen klokka 17.30. Deretter går me med klokka rundt vatnet, med ordføraren i spissen. Samtidig tenner Jæren Turlag opp bålet ved dagsturhytta Melsbu samtidig, så viss du ikkje kan eller vil gå, kan du setta kursen rett dit og varma deg.
Med mobilen kan du skanna dei fire stolpene i Stolpejakten som er plasserte ut langs løypa, og dessutan registrera deg som deltakar i "Ti turar i Time" – så du seinare kan gå på rådhuset og henta ein turpremie.
Turen sluttar ved Melsbu, og klokka 19 vil ordføraren foreta den høgtidelege opninga av Jæren Friluftsråd sine tre nye gapahukar like ved hytta, og Svein Høyland, styreleiar i friluftsrådet, orienterer om prosjektet.
Turlaget stiller med kaffi og bål. Ta med pølser til å grilla på bålet, eller annan kveldsmat, og marker Friluftslivets år med oss! Dette er ein tur for alle.
Vel møtt!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Melsvatnet, Bryne, Norway