Advertisement
MEDVERKANDE - Ingeborg Dalheim - song
- Harpreet Bansal - fiolin
- Andreas Bratlie - tabla
- Erlend Viken - hardingfele
- Opus13 - strykekvartett
PROGRAM
- Kulokk etter Lillebuen
- Morton Feldman: Only
- Herman Vogt: String Quartet No. 2 (verdspremiere)
- Harpreet Bansal: Otherwise
- TBA, Erlend Viken
- Joseph Haydn: Strykekvartett, op. 76, nr. 3 «Keiserkvartetten»
Ein konsert som opnar sansane – og festivalen.
Under kyrkjehvelvet i Ullensvang møtest tonar frå fleire himmelretningar: ei einsleg stemme ropar over vidda i ein kulokk etter Lillebuen – som ei opning mot natur og minne. Så sig stilla inn i Morton Feldmans Only, eit nesten umerkeleg pust av klang og ettertanke.
Herman Vogts heilt nye strykekvartett får sitt første liv akkurat her, akkurat no – ein ny skapnad som får luft under vengene i hendene til Opus13. Derifrå ber det austover: Harpreet Bansal sitt Otherwise let fiolinen dansa med tablaens pulserande hjarteslag.
Erlend Viken byr på eit musikalsk glimt som berre kan opplevast i augneblinken. Til slutt samlar Haydns keisarkvartett alle trådane i eit meisterverk som har levd gjennom hundreår – og som alltid finn nye måtar å røre oss på.
Velkomen til opninga av årets festival – der klangar frå ulike røter møtest, veks saman og slår ut i full blom.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ullensvang Kyrkje, Ullensvang Kyrkje, Kyrkjevegen, 5781 Lofthus, Norge, Voss, Norway
Tickets