Advertisement
No har du sjansen til å opptre med din musikalske favoritt på Kulturhuset! Vi avrundar jubileumshausten for OperaPuben med ein glitrande Julespesial onsdag 11. desember, med tenoren Stian Økland som programleiar, og Ellena Hale som pianist. Her er det rom for både førjulssprell og alvor – og som tradisjonen tilseier blir kvelden høgtideleg avrunda med O helga natt som allsong, også i år med Bernt Bauge som akkompagnatør. GENERELT OM OPERAPUBEN
OperaPuben blir arrangert på Kulturhuset i Bergen sentrum. Her kjem du tett på songarar i uformelle omgjevnader. Solistane er lokale amatørar og profesjonelle songarar, studentar, koristar og av og til også gjestande operastjerner frå produksjonane til Bergen Nasjonale Opera.
Det er ikkje berre dei store og dramatiske ariane som får plass her: Musikalnummer, romansar, eigne komposisjonar … kvar OperaPub har sin eigen personlegdom, og det dukkar alltid opp ein eller fleire overraskingar,
Konserten er gratis, og du treng ikkje billett for å kome inn. Men merk at det kan bli temmeleg fullt, så kom gjerne litt tidleg.
HAR DU LYST TIL Å OPPTRE?
Ynskjer du sjølv å entre scenen på OperaPuben? Vi stiller med proff pianist! Kontakt Bergen Nasjonale Opera ved koordinator Møyfrid Engeset på moyfrid(AT)bno.no i god tid i forkant, og fortel kva du kan tenkje deg å framføre. Når du har fått grønt lys, formidlar ho kontakt med pianisten, slik at du kan sende notane som trengst.
Om du ynskjer å bruke din eigen pianist/akkompagnatør er det også muleg, og f.eks. kor som vil synge a cappella er også hjarteleg velkomne. Det er muleg å øve med pianisten vår i konsertlokalet i forkant same kveld, vanlegvis i halvtimen før konserten startar.
Merk at dette er lagt opp som ein akustisk konsert, så vi tilbyr ikkje tilpassa lydanlegg for verken song eller instrument – berre ein enkel mikrofon for introduksjonane.
OPERAPUBEN ER 10 ÅR!
Det er no ni år sidan (september 2014) Bergen Nasjonale Opera sette i gang med OperaPub, og etter å ha arrangert dette populære og uhøgtidelege konseptet både på Logen Bar, Chagall, Underlig og Sardinen USF held vi no til i Kulturhuset i Vaskerelven.
Kulturhuset i Bergen (lenke)
Lillesalen (2. etasje)
Vaskerelven 8
5014 Bergen
Gratis inngang
Heis er tilgjengeleg
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kulturhuset i Bergen, Vaskerelven 6, 5014 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway