Advertisement
Open gard er ope for publikum mellom 12 og 15 denne laurdagen. Dette er eit elevdrive arrangement, der mange av elevane nyttar dagen som ein del av praktisk undervisning der ein set teori inn i ein annan kontekst enn i klasserommet. På open gard vil det vera moglegheiter for å sjå og helsa på mange av dyra her på Stend. Me opnar også opp den gamle hovudgarden der ein får ei omvisning og informasjon om bygget og litt av historia på Stend. Me har ansiktsmåling og bamsesjukehus for dei minste, og dessutan open hall og frileik i den gamle gymsalen til skulen. Det er mange betente kafear og grill der ein kan få kjøpa mykje godt å metta magen på.Inngangspris
barn: 50,- og vaksen: 100,-. Barn under 2år gratis
Økoveka er ei landsdekkjande feiring av økologisk mat og landbruk, og viser me fram mangfaldet av økologisk produksjon i Noreg. Me gir deg råvarer, kunnskap, inspirasjon og knyter det til kvardagen din – denne veka kan du både læra, smaka og praktisera økologi!
Sjå heile programmet og les meir på www.okouka.no og https://www.facebook.com/okoukanorge
https://www.facebook.com/okovekabergen
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Stend vidaregåande skule, Fanavegen 249, 5244 Fana, Norge,Bergen, Hordaland, Norway