Advertisement
Vel møtt til den offisielle opninga av årets Kulturdagar i Arna. Byråd for næring, kultur og idrett Reidar Digranes opnar kulturdagane offisielt på Soltun Besøksgard kl. 12:00. Me har grisar, hestar, sau, høner, kalkuner, ender, gås og kattane våre❤️
Kafeen er open med fersk bakst, vaffel, pølse, brus, juice, etc. I tillegg vil det være mogeleg å handle noko av gardsbutikken sine varer; som ost, spekepølse, egg, tørkede snittblomar, krydder og mykke meir!
Køyring med hest og vogn foregår mellom kl. 10-13:00.
Lions club Arna er som alltid klar med noko godt i servicebygget ved gammen, og aktivitetetar for heile familien!
Bajasteateret kjem med improshow for born. Her får borna være med å styre ei interaktiv forestilling saman med dlinke skuespillarar! Billettar kjem ut for sal så følg med!
For å hindre trafikkork og nok parkeringsplassar til alle legg me ut billettar på Ticketco.no med begrensa antall.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Garnestangen 60, 5264 Garnes, Norway, Garnestangen 60, 5264 Garnes, Norge,Bergen, Hordaland, Norway
Tickets