Advertisement
Få eit levande innblikk i livet som nybyggar på prærien. Elevar frå Alver kulturskule skaper stemning og gjer liv til historia i husa på Vestnorsk Utvandringssenter.Gjennom leik og liv, kunst, dans og spel gjer elevar frå Alver kulturskule oss eit levande innblikk i livet på prærien. I og kring husa på Sletta får vi eit glimt av korleis livet kunne vera for dei norske nybyggarane.
Bli med på ei spanande vandring der kulturskuleelevane skapar stemning og gjer liv til historia. Vandringane startar utanfor Emigrantkyrkja kl 12, 12.45, 13.30, 14.15, og har plass til 20 publikummarar i kvar pulje.
Det er open kafe i kyrkjekjellaren mellom 11.30-15.30, og moglegheit for å sjå den nye utstillinga knytt til utvandringsjubileet i Lærarbustaden.
Bli med i leikarring/ringdans i Saloonen kvar heile time; kl 12, 13 og 14
Arrangementet er gratis og ope for alle. Velkomen!
Crossings 200
I år markeres det at det er 200 år sidan den første organiserte utvandringa fra Norge til Amerika. I 1825 segla Restauration fra Stavanger til New York med 52 norske emigranter om bord. Utvandring og innvandring foregår framleis. Der nordmenn før utvandra til Amerika og andre stader på jakt etter eit betre liv, er det no andre som innvandrer til Norge for å finne fridom, tryggleik og nye moglegheiter her.
Gjennom heile året vil ei rekke arrangement og prosjekt i Norge og USA sette søkelys på migrasjon før og no. Årets hovedtema migrasjon omfattar både den historiske utvandringa frå Norge, og dagens innvandring til Norge.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hellandsvegen 541, 5939 Sletta, Norway, Hellandsvegen 541, 5939 Alver, Norge,Manger, Norway, Bergen