Advertisement
Odd-Erik Lothe feirar 30 år som artist i 2025 både med å gje ei rekkje konsertar og å sleppe eit nytt album. Torsdag 20. november kjem han og bandet Kveldsstell til Visebasaren. I bagasjen har Lothe med seg songar som ivrige konsertgjengarar og radiolyttarar har festa til minnebøkene. Det starta med Jordbær og Grasbrann og bandet Fabel i 1995 og har etterkvart blitt 14 utgjevingar. I hovudsak på nordfjordmål og innan visesjangeren, men også med nokre sidesteg til rockabilly og humor. Denne kvelden får ein oppleve litt av alt og i tillegg bli kjend med nokre av låtane frå hans nye album – 14. Eit album som allereie innad i bransjen har blitt omtalt som bestenotering.Med seg til Visebasaren har han tre av dei mest erfarne musikarane han har jobba med opp igjennom åra; ein nydelig trio som fargelegg musikken og tekstane til Lothe på meisterlig vis:
Halvor Folgerø: Kontrabass
Jan Erik Reknes: Trompet
Åge Vaksdal: Trekkspel og tangentar
Velkommen til en uforglemmelig kveld!
Husk å bestille bord for best opplevelse!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Madam Felle, Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway, Bryggen 43, 5003 Bergen, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











