Advertisement
Poesi på nynorsk Kom og bli med på ein stemningsfull kveld der ord får rom til å puste. Denne kvelden set vi poesien i sentrum. Det blir samtale med Hildegunn Dale og Solveig Johanne Grønstøl. To inspirerande poetar som skriv dikt vi kan kjenne oss igjen i. Vi snakkar om forfattarskapa, inspirasjonar og kva dei ønskjer å formidle. Dei vil også få kvar si økt til å lese sine dikt. I tillegg vil biblioteket kort presentere nokre få, men aktuelle poesibøker på nynorsk.
Hildegunn Dale kjem frå Modalen, og har gitt ut fleire diktsamlingar. I fjor gav ho ut si åttande diktsamling Huset jorda i vatn. Gjennom sitt forfattarskap har ho gitt lesarane sine mange sansbare rom og stemningar. Ho skildrar liv og natur som endrar seg på ein måte det er lett å kjenne seg att i.
Solveig Johanne Håvik Grønstøl bur på Bømlo, og omtaler seg sjølv som ein fullblods vestlending. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, samt at dikta hennar har blitt brukt i både antologiar, tidsskrift og fagbøker. Mange har kanskje blitt kjent med dikta hennar gjennom Facebook eller Instagram. Poesien vert skildra som enkel og lett tilgjengeleg, men samtidig med djupare meining og rom for tolkning.
Gjennom samtale og opplesning av dikt vert vi nærare kjent med Hildegunn Dale og Solveig Johanne Grønstøl si dikting. Vi håper du kjem og er saman med oss denne kvelden.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Biblioteket på Frekhaug, Vetrlidsallmenningen 4, 5003 Bergen, Norge, Bergen, Norway