Advertisement
Velkomen til opningskonsert av nynorskdagane i Alver kommune! I år vert det konsert med Gunn Kvaale m/band. Supportband er det lokale bandet "Post Office".23 år gamle Gunn Kvaale frå Sogndal er ein ung og ambisiøs popartist som i februar i år kom ut med debutalbumet « Eit fullt møblert hjerte». Fleire av songane på albumet er blitt hyppig spelt på radio den siste tida, mellom anna « ver så snill»
Gunn Kvaale vann tidlegare i år prisen for «Årets artist» under Luttprisen 2025. Ho har allereie i ei årrekkje spelt mange konsertar, og hausten 2024 varma ho opp for Maria Mena på turneen hennar. 18. oktober kjem ho, med band, og speler på Samfunnshuset, «Skogen» på Sletta!
"Post Office" er eit ungt band frå Alver og Øygarden, med medlemmene Kira, som er vokalist, gitarist Tommy, bassist Jakob og trommis Aleksander. Dei blei kjent gjennom musikken og har spelt saman i omtrent 1 år. Bandet har allereie fleire sceneframføringar bak seg, og ser fram til å komme til Samfunnshuset Skogen Sletta!
Arrangementet er i regi av Radøy mållag og i samarbeid med Samfunnshuset Skogen, Sletta og Alver kommune.
Det vert open pøbb og enkel matservering etter konsertane.
Baren opnar 19.30.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hellandsvegen 445, 5939 Alver, Norge, Hellandsvegen 445, 5939 Alver, Norge, Bergen, Norway
Tickets