Advertisement
Songar og forteljingar frå Nordhordland. Familekonsert under Nynorskdagane i Alver. Med Kjersti Møllerup Wiik, Linda Røyseth Sandhåland og Lovise Espeland (song), Johanna Seim (hardingfele), Laila Kolve (fløyte) og Songkoret Strilongane frå Rossland.
Bli med når me opnar skattekista full av folkesongar og melodiar frå Nordhordaland! Gjennom musikk og forteljingar tek me dykk med tilbake i tid og viser korleis folk levde og tenkte før oss. Korleis var det å vekse opp på ei av øyane her ute, då robåten var framkomstmiddel nummer éin, og bil og straum var ukjende ting? Kva fann ungane på når dei kjeda seg? Og korleis jobba – eller festa – folk for berre hundre år sidan?
Når me veit noko om korleis dei før oss tenkte og levde, får me eit grunnlag for å reflektere over kva som er likt og ulikt før og no. Me trur at gjennom å forstå fortida, kan me òg forstå vår eiga tid betre – og ta klokare val for framtida.
Det vert pause med kafé med sal av ukrainske, heimelaga kaker i regi av Alver frivilligsentralar.
Illustrasjon frå "Segner frå Nordhordland" av Kjersti Isdal.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Meieriet Frekhaug, Havnevegen 68, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway
Tickets