Advertisement
Velkommen tilbake til Biblioteksmusikken! I denne utgåva av Krapyl spelar Trio Vest. Trio Vest har som eit klart mål å få tilskrive nye verk av norske komponistar til seg. Ensemblet er no i gang med ein turné der dei presenterer musikk av komponistane Svein Henrik Giske og Craig Farr. Uttrykket i musikken deira beveger seg frå det vakre, varierte, utfordrande, tonale og atonale, gjennom ei tydeleg sjangerblanding og leik med rytmar. Publikum vil få oppleve eit variert program med tonar på ville vegar.
Turnéen til Trio Vest er støtta av Kulturdirektoratet og Fond For Utøvende Kunstnere.
Bilde: Magnus Skrede
---
Konserten finn sted i Vårt vestland på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway