nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - NÅR VALEN DANSER

Sat, 06 Dec, 2025 at 02:30 pm UTC+01:00

Bergen Offentlige Bibliotek | Bergen

NyMusikk Krapyl
Publisher/HostNyMusikk Krapyl
nyMusikk KRAPYL: Biblioteksmusikken presenterer - N\u00c5R VALEN DANSER
Advertisement
Korleis fortonar musikk seg frå innsida? Annabel er pianist og øver inn ein liten vals for piano av den norske komponisten Fartein Valen. Ho vil så gjerne få musikken til å danse, men strevar med det. Difor inviterer ho Trommelars på vitjing. Kanskje han – saman med publikum – kan hjelpe henne?
I denne framsyninga stiller vi spørsmål ved kva det er som gjer musikk til musikk. Kvifor er stilla ein del av musikken? Kanskje finn dei nokre moglege svar saman med barna. Det er moro, vakkert og lærerikt – og det finst ikkje noko fasitsvar.
Tilrådd frå 5 år.
Framsyninga vart til etter ei bestilling frå Sveio kommune og hadde premiere under Valenfestivalen i april 2020. Musikken vi spelar og lyttar til er Fartein Valens klaverstykke Valse noble, opus 22. Vi har til no spelt over 60 framsyningar på små og store stader på Vestlandet, i tillegg til Lillehammer, Oslo, Stavanger Kammermusikkfestival og Valdres Sommarfestival 2022.
Annabel Guaita er klassisk pianist og musikkformidlar med lang røynsle som skulekonsertmusikar, føredragshaldar og musikkritikar. Ho har ein kunstnarisk doktorgrad på Fartein Valens pianomusikk, der ho utforska ulike måtar å spele musikken på. Jakta på å opne nye dører inn til denne musikken førte henne til Lars Kolstad.
Han er høgskulelektor i musikkpedagogikk, også kjend som Trommelars, og reiser rundt med bilen full av trommer – mellom anna i regi av Den kulturelle skulesekken. Han inviterer store og små til improvisert samspel under mottoet «Trom som du er». Hos han blir musikken til i augneblinken, i ein høgst levande og uforutsigbar prosess mellom menneske med svært ulik musikalsk bakgrunn.
Annabel og Lars har såleis svært ulik erfaring og tilnærming til musikk. Nettopp i kryssingspunktet mellom desse to perspektiva finn dei nye vegar inn i musikken – saman med barna.
Prosjektet er støttet av Furestiftelsen og Vestland fylkeskommune.
Varighet 1 time
Konserten finn sted i Auditoriet på Bergen Offentlige Bibliotek og er gratis.
Biblioteksmusikken, også kalt Krapyl, er ein konsertserie som går laurdagar i regi av nyMusikk Bergen. Desse laurdagane kan publikum få oppleva ny musikk, og i tillegg ta med ungane sine. Konsertane er ikkje såkalla barnekonsertar, men produksjonar som blir gjort tilgjengelege for både vaksne og barn, på eit klokkeslett som høver alle aldrar, og som ikkje har for høgt volum.
Musikken blir presentert rå og direkte til store og små krapyl!
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Music in BergenEntertainment in Bergen

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Mini- yogaretreat med Synn\u00f8ve: Balanse
Sat, 06 Dec at 01:00 pm Mini- yogaretreat med Synnøve: Balanse

Øvregaten 25, 5003 bergen Bergen, Norway

Sn\u00f8fall - Kongsen Kultursal
Sat, 06 Dec at 01:00 pm Snøfall - Kongsen Kultursal

Bekkjarvik 61, 5397 Bekkjarvik, Norway

Familiel\u00f8rdag: julekort-verksted
Sat, 06 Dec at 01:00 pm Familielørdag: julekort-verksted

Fyllingsdalen bibliotek

Barnel\u00f8rdag: Mysteriet i pepperkakebyen - bokbad med teatralsk tvist
Sat, 06 Dec at 02:00 pm Barnelørdag: Mysteriet i pepperkakebyen - bokbad med teatralsk tvist

Venterommet, Oasen Senter

THE ROLLING CLONES - MATINEE - 100TH CONCERT
Sat, 06 Dec at 02:00 pm THE ROLLING CLONES - MATINEE - 100TH CONCERT

Bryggen 43, 5003 Bergen, Norway

Pasko ng Bayan 2025
Sat, 06 Dec at 02:00 pm Pasko ng Bayan 2025

Kultursalen Vestkanten

Boklansering: Eventhorisonten : Om \u00e5 aldri gi opp
Sat, 06 Dec at 03:00 pm Boklansering: Eventhorisonten : Om å aldri gi opp

Litteraturhuset i Bergen

Julestemning med Bergen Kammerkor og Bj\u00f8rsvik Brass
Sat, 06 Dec at 03:00 pm Julestemning med Bergen Kammerkor og Bjørsvik Brass

Nykirken - Kulturkirken på Nordnes

F\u00d8RJULSYOGA, LYDBAD & TAKKNEMLIGHETSPRAKSIS
Sat, 06 Dec at 03:00 pm FØRJULSYOGA, LYDBAD & TAKKNEMLIGHETSPRAKSIS

Kokstadvegen 9, 5257 Fana, Norway

Fakkeltog i skogsvegen
Sat, 06 Dec at 03:30 pm Fakkeltog i skogsvegen

Innerst på snuplassen, Vågsbotn sør skogsveg, 5937 Bøvågen

Bootcamp og Bobler - Juleedition
Sat, 06 Dec at 04:00 pm Bootcamp og Bobler - Juleedition

Juvikflaten, 5308 Kleppestø, Norway

Julespel for alle
Sat, 06 Dec at 04:00 pm Julespel for alle

Arna Kyrkje

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events