Advertisement
KRAFT er glade over å kunne invitere til opning av to nye utstillingar fredag 15. november kl. 18–20. Same dag vert det førsyning og kunstnarsamtale kl. 13–14.I Rom 1 syner Gunnhild Torgersen utstillinga Mud Agents og i Rom 2 syner Kaja Solgaard Dahl utstillinga Berørt berg.
Om du har lyst på litt innsikt i Mud Agents og kunstpraksisen hennar i førkant, held Gunnhild Torgersen ein Monday Lecture på KMD, mandag 11. november kl. 10.
Vi gler oss, velkomen skal du vere!
------
GUNNHILD TORGERSEN
MUD AGENTS
I Mud Agents inviterer Gunnhild Torgersen til ei utstilling som opnar for å utforske randsoner. Ho hentar leire frå Vadehavet, der dei konstante endringane i havnivået grunna tidevatn medfører eit eigenarta økosystem som må tole store skilnadar på å vere tørr og våt. Dei unike føresetnadane for livet her kan også sporast attende i leira sjølv, der merkelege, litt uforklarlege ting oppstår. Den grå leira som i utgangspunktet vert raud etter brenning, får her til dømes ei nesten kvit overflate. Torgersen tilverkar leira til store, kroppslege former der holrommet er vel så viktig som forma som kapslar det inn – ein føresetnad for alt liv er trass alt ei form som kan avgrense det mot resten av verda. Dei keramiske formene vert sidan dekte med eit tynt lag voks, eit material som kan ha sitt opphav i både dei animalske, vegetabilske og mineralske rika, og som slik foreinar liv i ulike stadium. Dette gjev skulpturane ein assosiasjon til hud, ei hinne som er forlokkande og avskrekkande på same tid. Fleire av skulpturane har eit innfelt stykke farga glas med hol i; heller enn ein behaldar som held fast på noko, opnar Torgersen her for at ei rørsle kan kome seg både inn og ut – ein straumvirvel kan starte prosessar som til slutt fører til liv, og opne ei moglegheit for livet til å fløyme igjennom til nye stader og verte til nye versjonar av seg sjølv.
Gunnhild Torgersen (f. 1985, Noreg) tok i 2011 mastergrad i kunst ved Konsthögskolan i Malmö. Ho har stilt ut ved mellom anna Krognoshuset i Lund, Hå Gamle Prestegard, Röstånga Konsthall, Møre og Romsdal Kunstsenter, Noplace, Volda og Ørsta Kunstlag og Norsk Billedhoggerforening. Ho har gjennomført offentleg kunstprosjekt ved Kongsberg vidaregåandeskule.
Utstillinga er støtta av Kulturrådet og Billedkunstnernes Vederlagsfond.
-----
KAJA SOLGAARD DAHL
BERØRT BERG
I Berørt berg av Kaja Solgaard Dahl vert publikum invitert til ei utstilling der spor frå møte mellom natur og menneske står sentralt. Ved å slipe og hogge i stein og mineral utforskar ho samspelet mellom naturens skaparverk og menneskets evne til omforming. Stein og mineral tilhøyrer krefter og tid langt utover vår menneskelege forståing. For dei som kan lese linjene, laga og formene, er dei forteljande om skiftande økosystem, kjemiske reaksjonar, kulturelle tradisjonar og arkitektur. Korleis skal ein som menneske forhalde seg til desse meiningsberande, tause og vakre urformene? Kva kan ein tilføre, kva for spor kan ein setje av tyding? For Solgaard Dahl står prosess heilt sentralt. Med auge for potensial og steinens formale, fargerike og taktile eigenskaper finn ho emne å gå i dialog med. Somme tider kan det handle om å så vidt lage geometriske innhogg, kanskje felle inn eit lite spor av noko anna. Somme tider handlar det om gleda ved å opne opp og kome på innsida av ein steins skjulte, indre liv. Ofte handlar det om kontrastar; spel mellom det porøse og harde, mellom det matte og skinande. I verka sine koplar ho gjerne to bitar stein saman; ein slags giftekniv mellom to stykke natur som ikkje på eiga hand har forstått kva dei kan få til saman, kva nye formale forteljingar som kan oppstå av dei i lag. Slik vert ho nettopp ein fortolkar av og med naturen, der hennar eigne fysiske avgrensingar for kva ho kan bere og handtere set rammeverket for samspelet mellom henne og materialet. Ein samtidig skapar av morgondagens fossil, vitne om eit levd liv i naturens store kaos.
Kaja Solgaard Dahl (f. 1984, Noreg) tok i 2015 mastergrad i Advanced Studies. Design for luxury and craftmanship ved École cantonale d’art de Lausanne i Sveits. Ho har stilt ut mellom anna ved QB galleri, Format, Atelie, Galleri Sorgenfri og Victoria & Albert Museum. Invitasjonen til å delta på Symposium 2019 førte til hennar hittil største arbeid i stein, Garden, på ca. 10 tonn larvikitt. Hennar arbeid i tverrsnittet mellom kunst, design og handverk har medført at ho i 2024 var føredragshalder under konferansen Academy of Play i Goa, Indias største designkonferanse.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vågsallmenningen 12, 5014 Bergen, Norway, Vågsallmenningen 12, 5017 Bergen, Norge,Kronstad, Hordaland, Norway, Bergen