Advertisement
(Scroll down for English)KRAFT er glade for å invitere til opninga av Svein Nås utstilling Bilete, fredag 28. mars kl. 18–20. Det vert eplesaft og eplesider, og skodespelar Arnhild Litleré les dikt av Olav H. Hauge. Same dag kl. 13–14 vert det førsyning og kunstnarsamtale.
Utstillinga er ein del av Norske kunsthåndverkere sitt 50-årsjubileum.
Vel møtt!
Svein Nå – Bilete
Tradisjon handlar om det vi har til felles. Det vi deler med andre menneske, som knyter oss saman og flettar oss inn i ein større heilskap. Somme tider handlar dette om kvar vi bur og har kvardagane våre, om landskapet vi lever i, og maten det gjev oss. Men det kan òg handle om kulturen vi utviklar i fellesskap – handlingar og kunnskap overført mellom generasjonar over tid, slikt som kjem til uttrykk i spesifikke veremåtar, språk eller kunst.
I Bilete av Svein Nå står tradisjon sentralt. Svein Nå er fødd og oppvaksen i den vesle bygda Nå i Hardanger, eit landskap prega av steile fjell og lange fjordarmar, der pragmatisme og nevenytte har vore nødvendige eigenskapar for å leve. Men hardingane er òg kjende for sitt solide handverk, kunstnariske sans og livsbejaing – brurekroner, eplesider, saum og båtar er berre nokre få eksempel på sterke identitetsberarar frå området. Det er i dette kulturelle fellesskapet Svein Nå har lært seg sjølv å veve. Ved å nytte ufarga ull frå lokale sauer arbeider han i ein fargepalett som strekkjer seg frå kvitt til gulaktig, gråleg og djupt svart, der ullas tekstur og taktilitet kjem tydeleg fram. Vevnadane er ofte store og står fram som sider i ei pågåande bok, der symbolikken vekslar mellom det velkjende og det framande. Stigar, kyrkjer, hestar og tre vert vevde inn i margen, side om side med krokbragder. Denne vevteknikken er kjend frå mellom anna Hardangeråkle, og vert i Nås univers omarbeidd som eit kryptisk alfabet. Linje på linje med eit utilgjengeleg, men likevel velkomande bodskap. Overgangen er glidande: Er det bokstavar eller kanskje menneske som utgjer motivet? I fleire av vevnadane finst eit spenn av kontrastar. Enkle linjer vert til lada symbol, kjende former framstår plutseleg tvitydige – familiære, men fulle av løyndom. Slik er det òg med tradisjonen sjølv: Han markerer eit tydeleg fellesskap, men har òg potensiale til å synleggjere alt som fell utanfor, som er annleis eller skoren over ein annan lest. På same måte kan bratte fjell og vakre fjordar vitne vel så mykje om dramatikk som om heimekjensle. I Nås vevnadar finst det rom for kontrastar. Dei famnar like mykje om etablerte tradisjonar som ukjende horisontar, trekkjer trådar frå fortid til notid og inviterer oss inn i eit møte mellom hand og materiale – som var det ei opa bok.
Svein Nå (f. 1944, Noreg) er sjølvlært vevar frå Nå i Hardanger. Han har stilt ut mellom anna ved Dagali Museum, Hardanger folkemuseum Utne, Puls Galleri, Sunnfjord Kunstlag, Vestlandsutstillinga og Agatunet. Verka hans er kjøpte inn av Sola kommune, Jan Groths samling i Rogaland Kunstmuseum, Vikebu skule på Nå, skulptur på Bygdaplassen og av Hardanger kommune som gåve til det nye fylkeshuset i Vestland, Bergen.
------
KRAFT is pleased to invite you to the opening of Svein Nås exhibition Bilete (Images) on Friday 28th of March at 18–20. There will be applejuice and applecider, and actress Arnhild Litleré will read poems by Olav H. Hauge. The same day at 13–14 there will be a preview and artist talk.
The exhibition is part of Norwegian Craft Associations 50th jubilee.
Welcome!
Svein Nå - Bilete
Tradition is about what we have in common. It is what we share with other people, what connects us and weaves us into a larger whole. Sometimes, this is about where we live and spend our lives, the landscape we inhabit, and the food it provides us. But it can also be about the culture we develop together—actions and knowledge passed down between generations over time, expressed through specific behaviours, language, or art.
In Bilete (Images) of Svein Nå, tradition is central. Svein Nå was born and raised in the small village of Nå in Hardanger, a landscape marked by steep mountains and long, winding fjords, where pragmatism and resourcefulness are recquired for survival. But the people of Hardanger are also known for their solid craftsmanship, artistic sense, and zest for life; bridal crowns, apple cider, embroidery, and boats are just a few examples of strong identity markers from the area. It is within this cultural community that Svein Nå taught himself to weave. Using undyed wool from local sheep, he works within a color palette ranging from whites to yellows, greys, and deep blacks, making the texture and tactility of the wool becoming clearly visible. His tapestries are often large, appearing like pages in an ongoing book, the symbolism fluctuating between the familiar and the unfamiliar. Ladders, churches, horses, and trees are woven into the fabric beside krokbragd patterns. The krokbragd weaving technique is known from, among other things, Hardanger åkle (tapestries); in Nå’s universe, the technique is reworked into a cryptic alphabet. Line by line, an inaccessible yet welcoming message emerges.The transition is fluid – is it letters or human figures that are forming the image? In several of his tapestries, there is a wide range of contrasts. Simple lines become charged symbols, familiar shapes suddenly appear ambiguous—recognisable, yet full of mystery. The same applies to tradition itself: it marks a clear sense of community but also has the potential to highlight everything that falls outside it, is different, or is cut from another cloth. In the same way, steep mountains and beautiful fjords can testify as much to drama as to a sense of home. In Nå’s tapestries, there is room for contrasts. They embrace both established traditions and unknown horizons, drawing in threads from the past into the present and inviting us into an encounter between hand and material—as if it were an open book.
Svein Nå (b. 1944, Norway) is a self-taught weaver from Nå in Hardanger. He has exhibited at, among others, Dagali Museum, Hardanger Folk Museum Utne, Puls Gallery, Sunnfjord Art Association, the Westland Exhibition, and Agatunet. His works have been acquired by Sola Municipality, Jan Groth’s collection at Rogaland Art Museum, Vikebu school in Nå, sculpture at Bygdaplassen and by Hardanger Municipality as a gift to the new county hall in Vestland, Bergen.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vågsallmenningen 12, 5014 Bergen, Norway, Vågsallmenningen 12, 5017 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway