Ny dato! Odd Nordstoga x 3 // Sentrum Scene

Sun Jun 13 2021 at 06:00 pm to Mon Jun 14 2021 at 11:00 pm

Rockefeller / John DEE / Sentrum Scene | Oslo

Rockefeller \/ John DEE \/ Sentrum Scene
Publisher/HostRockefeller / John DEE / Sentrum Scene
Ny dato! Odd Nordstoga x 3 \/\/ Sentrum Scene
Advertisement
Odd Nordstoga kommer med nytt album, og spiller TRE konserter på Rockefeller!
I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trossast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle.
Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album «Fatig ferdamann».
Det var ikkje i planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle. Låtane som har kome ut i løpet av våren og sommaren har også blitt sjeldant godt motteke og konsertstadene har opna. Kva skal ein artist gjera anna enn å sei – det er klart det blir turné!
Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert!
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Rockefeller / John DEE / Sentrum Scene, Badstugata 2, Oslo, Norway

Tickets

Discover more events by tags:

Concerts in OsloArt in Oslo

Sharing is Caring: