Norsk målstemna 2022

Sat Sep 10 2022 at 11:00 am

Litteraturhuset | Oslo

H\u00f8gnorskringen
Publisher/HostHøgnorskringen
Norsk m\u00e5lstemna 2022
Advertisement
Norsk målstemna tek i år fyre seg Olav Sletto og Henrik Rytter. Olav Sletto var folkehøgskulemann og bokmann frå Hallingdal. Henrik Rytter var umsetjar og diktar. Han er kann henda mest kjend for umsetjingane av Shakespeare og Den guddomlege komedien. Me fær høyra meir um desse tvo og frå Kristin Fridtun som kom med boki «Kunsten å irritera seg over skrivefeil» i 2021. Er det so at dei høgnorske er serleg høgirritable?
Program på Litteraturhuset i Oslo, laurdag 10. september:
Kl. 11.00–12.00: Eva Almhjell: Olav Sletto – han hylla livet, men femna det ikkje
Kl. 12.00–13.00: Kristin Fridtun: Høgnorsk og høgirritabel?
Kl. 13.00–13.30: Matpause med servering
Kl. 13.30–14.30: Ronny Spaans: Diktaren og umsetjaren Henrik Rytter
Kl. 14.30–15.30: Klaus Johan Myrvoll: Henrik Rytter – høgnorskmannen som tilpassa seg
Sundagen 11. september held stemna fram med utferd til Ullensaker på Romerike. Meir um dette kjem til hausten.
Norsk målstemna vert skipa til av Høgnorskringen, Norskt Måldyrkingslag og målnemndi i Bondeungdomslaget i Oslo.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Litteraturhuset, Wergelandsveien 29, Oslo, Norway

Sharing is Caring: