Advertisement
Nordfjordkonferansen - "Eit sterkt Nordfjord - for ei sterk framtid" blir i år arrangert i Operahuset Nordfjord 06.05.24. Konferansen er ein viktig møteplass for næringslivet, offentleg sektor og personar som ønskjer å bidra til vidare vekst og utvikling i regionen.
Årets konferanse samlar eit breitt spekter av regionale og nasjonale foredragshaldarar, som vil belyse moglegheitene og utfordringane Nordfjord står ovanfor.
Nordfjordkonferansen er for alle som har interesse av politikk, næringsliv og regionen vi bur og arbeider i. Både politikarar, leiarar, tilsette, pensjonistar og unge er hjarteleg velkomne.
Nordfjordkonferansen har som mål å styrkje regionen si posisjon og identitet, synleggjere menneska og aktørane som bidreg til vekst, og skape ein møteplass der kunnskap, erfaring og idear kan delast. Programmet dekkjer både nasjonale og regionale tematikkar, frå utanforskap til næringsutvikling, og legg til rette for nettverksbygging og samarbeid på tvers av bransjar.
Konferansen er eit samarbeid mellom Inviro, Nordfjordkompaniet, Vestland Fylkeskommune og alle kommunane i Nordfjord.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Operahuset Nordfjord, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge,Nordfjordeid, Sunndal, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.