Advertisement
For femte gong har Ål kulturskule den store gleda av å ynskje 18 studentar frå bachelorprogrammet i musikkpedagogikk ved Norges musikkhøgskole (NMH) velkomne til Ål.Gjennom ei veke med samspel, undervisning og musikalsk utforsking får kulturskuleelevane møte framtidas musikkformidlarar – og saman skapar dei nye møteplassar for læring og kunstnarleg utvikling.
Veka kulminerer i ein felles konsert i Storesalen – der NMH-studentar, kulturskuleelevar og lærarar står på scena saman!
Norges musikkhøgskole er Noregs fremste institusjon for høgare musikkutdanning og ein sentral aktør i utviklinga av eit inkluderande og berekraftig musikkliv. Gjennom samarbeidet med Ål kulturskule får visjonane liv – i møtet mellom unge musikarar, fagleg fordjuping og eit lyttande publikum.
Velkomen til ein leiken og levande musikkfest!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål Kulturhus, 3570 Aal, Norway, Myren 40, 3570 Ål, Norge, Hønefoss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.








