Naustlandet, bok- og biletpresentasjon ved Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

Wed Nov 12 2025 at 06:00 pm to 08:30 pm UTC+01:00

Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway | Ølen

Sunde Kyst og Litteratursenter
Publisher/HostSunde Kyst og Litteratursenter
Naustlandet, bok- og biletpresentasjon ved Eva R\u00f8yrane og Oddleiv Apneseth
Advertisement
Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane har reist langs kysten og innover mange fjordar frå Agder i sør til Finnmark i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminner som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.
Naustet i støa var ein viktig driftsbygning på garden til fiskarbonden, som var meir bonde enn fiskar i dei indre fjordstrøka. Ute ved kysten var det omvendt. I nausta låg mindre båtar til heimefiske og dagleg ferdsel og større båtar til sesongfiske, frakt og kyrkjeferd. Og naustet var arbeidsplass, ikkje berre for vedlikehald av båtar, garn og nøter. I naust er det laga tønner, bygd båtar og slakta sauer og kyr. Somme stader har naustlemen har vore bustad, både for farande folk og for fastbuande.
Boka Naustlandet (Skald forlag) fortel at det står både svært dårleg og ganske bra til med nausta. Naustet er den gardsbygningen som, på grunn av manglande bruk, er mest utsett for forfall. Tilårskomne naust rotnar ned og blir borte. Samstundes er det ei aukande interesse for å ta vare på gamle hus. Dette nyt mange naust godt av. Denne boka dokumenterer forfallet, men fortel og om eigarar som forbarmar seg over forkomne naust og om eldsjeler som ivrar for kystkulturen ved å dokumentera naust og formidla lokal kystkunnskap.
Dei mange nausta har ulike historier å fortelja, om byggjemåte og om bruk. I nord handlar det om naustgammer, store skjelternaust og enkle etterkrigsnaust, Lenger sør: stavbygde naust, grindnaust, tømranaust og steinnaust. Og heilt sør, der det er liten skilnad på flo og fjøre: båtgarasjar.
november kjem Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth til Bergslagen for å fortelja om og vise bilete frå den store naustreisa. Dei har også med seg Naustlandet, for dei som ønsker å kjøpe boka om nausta langs norskekysten.
Mest alle gardar har hatt naust ved sjøen. I Norddal på Sunnmøre er lange naustrekkjer ein pryd for bygda. (Foto: Oddleiv Apneseth)
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Solbakken 9, 5450 Sunde, Norway, Solbakken 9, 5450 Sunde i Sunnhordland, Norge, Ølen, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Ølen

\u00c5pningsfest
Thu, 13 Nov at 11:00 am Åpningsfest

Knapphus, Vats, Liberia

Tom Roger Aadland
Thu, 13 Nov at 06:00 pm Tom Roger Aadland

Sentrumsvegen 39, 5460 Husnes, Norway

Ope m\u00f8te med Simon Malkenes
Thu, 13 Nov at 06:00 pm Ope møte med Simon Malkenes

Stord folkebibliotek

Linda Eide: Spr\u00e5ksjov \/\/ B\u00d8MLO KULTURHUS
Fri, 14 Nov at 07:30 pm Linda Eide: Språksjov // BØMLO KULTURHUS

Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Norway

L\u00e6r deg \u00e5 danse swing p\u00e5 en helg, p\u00e5 B\u00f8mlo
Sat, 15 Nov at 12:00 pm Lær deg å danse swing på en helg, på Bømlo

Bømlohallen, Idrettsveien 87, Bremnes

LINDA EIDE SPR\u00c5KSJOV - UTSELD!
Sat, 15 Nov at 05:00 pm LINDA EIDE SPRÅKSJOV - UTSELD!

Borggata 20, 5417 Stord Island, Norway

Ølen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Ølen Events