Advertisement
"Kva skjer når Leonard Cohen sine djupe betraktingar om livet, kjærleiken og mørket møter det nynorske hjartemålet?Velkomen til ein intim kveld med Midnattskoret. Med kontrabass, piano og nære harmoniar inviterer vi til konserten «Eg er din mann». Her står tekstane i sentrum, i eigne og unike gjendiktingar som fører meisteren frå Montreal heilt heim til oss. I den intime atmosfæren på Skur 4, vil vi gje ein konsert som dykkar djupt ned i Leonard Cohens rike univers av lengsel, kjærleik og mørk humor.
Med ei besetning beståande av piano, kontrabass, gitar og kor, fangas den varme og upolerte nerven i Cohens musikk.
Gjennom to sett på 45 minutt får du høyre dei udødelege klassikarane – men på ein måte du kanskje aldri har høyrt dei før.
Som eit særskilt høgdepunkt denne kvelden, presenterer vi mellom anna, Cohens ikoniske «I’m Your Man» i ei gjendikting på nynorsk: «Eg er din mann». Ved å flytte teksten over i det nære, nynorske språket, kjem vi endå tettare på dei råe kjenslene Cohen var så kjend for.
Mellom songane vert du teken med bak kulissane gjennom historier og introduksjonar som bind saman livet og musikken til mannen med den berømte blå regnfrakken.
Besetning:
• Jan Valaker – Vokal og gitar
• Olaf Andenæs – Piano
• Ole Morten Heien – Kontrabass
• Claire Lindkjølen - Vokal og kor
Konserten er gratis, men artistane set stor pris på frivillig vipps til vippsnr. 603586
Advertisement
Event Venue
SKUR 4, Havnegata 13, 3040 Drammen, Norge, Drammen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











