Mellom sjangrar: Annette Kierulf om 'Modern Nature'

Thu, 06 Nov, 2025 at 07:00 pm UTC+01:00

Klosteret 17, 5005 Bergen, Norway | Bergen

Hordaland kunstsenter
Publisher/HostHordaland kunstsenter
Mellom sjangrar: Annette Kierulf om 'Modern Nature'
Advertisement
TIDSPUNKT: Torsdag 6. november kl. 19:00
STAD: Hordaland kunstsenter (1. etg.)
PRAKTISK: Gratis inngang

Velkommen til fjerde utgåve av arrangementsserien Mellom sjangrar, eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordaland kunstsenter, der kunstnarar og forfattarar blir inviterte til å presentere sjølvvalde litterære verk som ikkje så lett let seg sjangerdefinere.
Torsdag 6. november kjem kunstnar Annette Kierulf til Hordaland kunstsenter. Annette vil snakke om kvifor kunstnerdagboka er eit vikteg format for henne, gjennom å presentere boka 'Modern Nature, The Journals of Derek Jarman, 1989 - 1990'.

Derek Jarman var ein britisk målar, filmskapar, kostymedesignar, poet og aktivist for homofiles rettigheter. Dagboka startar når Jarman har vore HIV-postiv i tre år, og har flytta til ei hytte på kysten av Kent, der han mot alle odds lagar ein hage på den karrige stranda. Boka er både ei hagedagbok, ei sjukdomsdagbok og ein refleksjon over Jarman sitt eiget liv og kunstnarskap.

Arrangementet vil føregå på norsk.

ANNETTE KIERULF (f. 1964) er ein billedkunstnar busett i Bergen og Bøvågen, som jobbar med teikning, grafikk og kunstnarbøker. Ho er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi og har hatt ei lang rekke utstillingar i inn- og utland. Verka hennar er innkjøpt av bland anna British museum, Kode kunstmuseer, Nasjonalmuseet for kunst og arkitektur, Oslo kommunes kunstsamling, Stortinget, Haugalandmuseet, UiO, UiB og NTNU. I 2025 er ho med på utstillinga "Nordic Noir, works on paper from Edvard Munch to Mamma Andersson" på British Museum. Ho har vore professor i kunst med fordjuping i grafikk på Kunstakademiet i Bergen sidan 2011.
MELLOM SJANGRAR er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordland kunstsenter, som starta opp seinhausten 2024. Til denne arrangementsserien inviterer me inn kunstnarar og forfattarar til å presentere litterære verk som er vanskelege å sjangerdefinere. Gjennom presentasjonar av verk som har hatt betydning for bidragsytarane, anten på eit personleg eller praktisk plan, ønsker me å setje fokus på eksperimentelle litterære uttrykksformer, og kaste lys over korleis ein i fellesskap kan snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane me er vande å forhalda oss til.

Først ut i serien var performancekunstnar, skribent og filosof Carol Stampone, som presenterte 'Agua Viva' av Clarice Lispector. Deretter presenterte filmskapar, kunstnar og forfattar Lene Berg boka 'Stiløvingar' av Raymond Queneau. Siste bidrag var frå Gunnar Wærness, som hadde boka 'Divine Horsemen: The Living Gods of Haiti' av Maya Deren som sitt utgangspunkt.

Serien er støtta av Bergen kommune og Norsk Forfattersentrum medlemsfond.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Klosteret 17, 5005 Bergen, Norway, Klosteret 17, 5005 Bergen, Norge, Bergen, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Art in BergenLiterary-art in Bergen

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Bibliotekets allmenquiz
Thu, 06 Nov at 06:00 pm Bibliotekets allmenquiz

Strømgaten 6, 5015 Bergen, Norway

Bibliotekenes spillpris: Hjelp, vi \u00f8dela himmelen
Thu, 06 Nov at 06:00 pm Bibliotekenes spillpris: Hjelp, vi ødela himmelen

Bergen Offentlige Bibliotek

Glocal kveld- Mat, misjon og mening
Thu, 06 Nov at 06:00 pm Glocal kveld- Mat, misjon og mening

Fjøsangerveien 28

\u00c5pning av Julebutikken\ud83c\udf84
Thu, 06 Nov at 06:00 pm Åpning av Julebutikken🎄

Laguneveien 1, Bergen

Tanker og toner i en urolig tid  Foredrag og konsert med Ingvard Wilhelmsen, Rhoda og SydVestkoret
Thu, 06 Nov at 06:30 pm Tanker og toner i en urolig tid Foredrag og konsert med Ingvard Wilhelmsen, Rhoda og SydVestkoret

Sælen kirke, Vardeveien 9, 5141 Bergen, Norway

Honningbarna + Special Guest: Hammok \/\/ Kvarteret \/\/ Ekstrakonsert!
Thu, 06 Nov at 08:00 pm Honningbarna + Special Guest: Hammok // Kvarteret // Ekstrakonsert!

Olav kyrres gate 49, 5015 Bergen, Norway

Lille Chicago
Thu, 06 Nov at 08:00 pm Lille Chicago

Pappa

LANSERING: VINSKVETTEN
Thu, 06 Nov at 08:15 pm LANSERING: VINSKVETTEN

Strandgaten 1, 5013 Bergen, Norway

Digg l\u00e6ring konferansen 2025
Fri, 07 Nov at 08:00 am Digg læring konferansen 2025

Fjæreidevegen 30, 5360 Kolltveit, Norway

Haugekonferansen 2025
Fri, 07 Nov at 09:30 am Haugekonferansen 2025

Sigurds gate 6, 5015 Bergen, Norge

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events